• Bedrift
    Kystverket
  • Søknadsfrist
    01.06.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6002, ÅLESUND
    ÅLESUND
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3788988
  • Se her for andre jobber fra Kystverket
  • Oppdatert 02.06.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Kystverket

Prosjektleiar Stad skipstunnel

Offentlige tjenester og forvaltning

Kystverket skal bygge verdas aller første fullskala skipstunnel i Stad kommune, eit prestisjeprosjekt som allereie no har stor merksemd både nasjonalt og internasjonalt. Skipstunnelen inneber etablering av ei gjennomgåande farlei i beskytta indre farvatn, og er eit viktig farleisprosjekt for kystgåande skipsfart på vestlandskysten. I tillegg til sjølve tunnelen som vil bli på 1700 meter og med eit tverrsnitt på 1660m², inneheld prosjektet også entring- og leiekonstruksjonar, omlegging av kommunal- og fylkesveg, nye tilkomstvegar, utdjupingar og navigasjonsinstallasjonar. Prosjektet har ei styringsramme på om lag 2,7 mrd. kroner, og ein prosjektperiode på om lag fem år. Les meir om prosjektet på Kystverket si heimeside (sjå link lengre nede i annonsa). 

Til å leie prosjektet er vi på jakt etter ein framoverlent, løysingsorientert, fagleg sterk og strukturert prosjektleiar. 

Kvalifikasjoner:

  • Høgare utdanning frå høgskule eller universitet, gjerne som sivilingeniør eller ingeniør, fortrinnsvis frå bygg- eller anleggslinje
  • Minimum fem års relevant prosjektleiarerfaring frå planlegging og gjennomføring av større bygge- og anleggsprosjekt
  • Erfaring frå personalleiing i bygge- og anleggsprosjekter
  • Det vil vere ein fordel med erfaring frå komplekse entreprisekontrakter - gjerne innan tilsvarande fagområder som prosjektet - eksempelvis infrastrukturprosjekt, fjellhallar/kaverner eller lignande
  • Svært gode framstillingsevner på norsk og engelsk, munnleg og skriftleg
  • Generell datakunnskap samt erfaring med aktuelle prosjektprogramvare er ein fordel 
  • Førarkort for bil kl. B er naudsynt

Personlige egenskaper:

  • Sjølvstendig med evne til å ta nødvendig leiarskap
  • Høg arbeidskapasitet og stor gjennomføringsevne
  • Resultatorientert og ein pådrivar for prosjektet si framdrift
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar
  • Motiverande eigenskapar, med evne til å sjå og utnytte den enkelte medarbeidar sin kompetanse 
  • Tillitsbyggande og strukturert, med ein etterretteleg arbeidsmetodikk  

Vi legg til grunn at du er framtidsretta, engasjert og påliteleg - som er Kystverket sine verdiar.

Vi tilbyr:

  • Ei svært spennande stilling, som gjev moglegheit til å vere med på å skrive eit kapittel i sjøfartsnasjonen Noreg si historie
  • Gode velferdsordningar
  • Kystverket er ei IA-verksemd      
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode vilkår
  • Stillinga er plassert i stillingskode 1113 prosjektleiar. Løn etter avtale

Arbeidsstad for stillinga vil i utgangspunktet pt. vere Ålesund. Under prosjektet si gjennomføringsfase vil kontorstad i utgangspunktet vere på prosjektkontor ved anlegget. 


Anna
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad gjenspegle mangfaldet i befolkninga. Kvalifiserte kandidatar uansett alder, kjønn, seksuell legning, funksjonsevne, etnisk bakgrunn, arbeids- og livserfaring oppfordrast til å søkje. Kystverket arbeidar målretta med å realisere regjeringa sine inkluderingsmål. I dette ligg det bl.a at vi vil sørge for tilrettelegging på arbeidsplassen dersom det er behov for det. Informasjon om søker som informerer om nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, kan bli brukt til registreringsformål.

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Søkarar vil i så fall bli varsla om det. 

Les meir om Stad skipstunnel her: https://www.kystverket.no/stadskipstunnel

 

  • Bedrift
    Kystverket
  • Søknadsfrist
    01.06.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6002, ÅLESUND
    ÅLESUND
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3788988
  • Se her for andre jobber fra Kystverket
  • Oppdatert 02.06.2021