Ledig stilling

Helse Sør-øst RHF

Prosjektleiar/senior prosjektleiar

Offentlig forvaltning

Vil du leie anskaffingsprosjekt for den norske spesialisthelsetenesta?

Hos oss får du ein viktig jobb i eit føretak med kompetente kollegaer og eit tydeleg samfunnsoppdrag. Sykehusinnkjøp HF har kontor over heile landet og meir enn 300 medarbeidarar. Vi inngår og følger opp avtalar på varer og tenester til sjukehusa.  I tett samarbeid med fagmiljøa i helseføretaka finn vi gode løysingar for pasientbehandlinga. Vi er eit ambisiøst anskaffings- og kontraktsmiljø som kontinuerleg arbeider med å utvikle oss. Innovasjon, miljø og samfunnsansvar er også sentralt i arbeidet vårt. Stillinga ligg til vår divisjon for kirurgiske og medisinske varer og vil ha kontorstad i Bergen. 

Som prosjektleiar får du ansvar for å leie og gjennomføre anskaffingsprosjekt, frå kartlegging av behov, til kontrakt er inngått og implementert. Stillinga inneber også å gi faglege råd og rettleiing til kollegaer og helseføretak, samt deltaking i utvikling av arbeid med kategoriar, prosessar og kompetanse internt. 

Verdigrunnlaget vårt er:  

  • kunnskapsrik  
  • nytenkande  
  • engasjert  
  • profesjonell  

Dette skal ligge til grunn for alt vi gjer i Sjukehusinnkjøp HF, og det er viktig at du også jobbar etter desse verdiane. 

Les meir om korleis det er å jobbe i Sjukehusinnkjøp HF på nettsidene våre.

Kvalifikasjoner:

Vi ser etter ein ansvarleg og sjølvstendig person som tek initiativ og finn løysingar. Du er flink til å leie og gjennomføre oppgåver på ein strukturert måte, og evner å sjå arbeidet ditt i ein større samanheng. Stillinga krev at du er god i samarbeid med andre og kommuniserer tydeleg. Vidare er kompetansedeling og godt humør viktig i ein organisasjon i utvikling. 

Personlige egenskaper:

  • Fagleg utvikling i eit av dei største fagmiljøa innan offentlege anskaffingar i Noreg
  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Livsfaseorientert personalpolitikk
  • Fleksibel arbeidstid
  • Moderne lokale med gode kantine- og treningsfasilitetar

Vi tilbyr:

Søkarar vurderte som best kvalifiserte blir kalla inn til intervju. Vi nyttar vanlegvis arbeidspsykologiske testverktøy i våre rekrutteringsprosessar og har som oftast to intervjurundar i tillegg til sjekk av attestar og referansar. Alle søkarar får tilbakemelding på søknadane sine uavhengig av om dei blir kalla inn til intervju eller ikkje.  

Sykehusinnkjøp HF er pliktig til å utarbeide offentleg søkarliste. Dersom du ønsker å reservere deg mot oppføring må du melde i frå og grunngi dette når du søker på stillinga. Du vil bli kontakta dersom søknaden ikkje blir innvilga og får anledning til å trekke søknaden, jf. offentleglova § 25.