• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    28.10.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4771006
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 12.10.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Prosjektleiar samferdsle

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sogn regionråd er samarbeidsorgan for sju kommunar. Vår visjon er: «Saman gjer vi Sogn til ein attraktiv og livskraftig region». Samferdsle er eitt av regionrådet sine satsingsområde og vi styrkar den strategiske kapasiteten med ei nyoppretta to-årig prosjektstilling.

 

Vi har ledig 100% stilling som prosjektleiar til påverknadsarbeidet for å sikra gode samferdsleløysingar i Sogn.

 

Arbeidsoppgåver

Prosjektleiar har ansvar for å leia, koordinera og følgja opp prosjektet, og oppgåver som inngår er å

  • ha eit operativt ansvar for å gjennomføra prosjektet i samsvar med prosjektplanen
  • skaffe og oppdatera kunnskaps- og argumentasjonsgrunnlag
  • utarbeide ny samferdsleplan for Sogn som grunnlag for regionrådet sine prioriteringar
  • følgje planprosessar i nasjonal transportplan, regional transportplan og andre utgreiings- og vedtaksprosessar
  • arbeide aktivt ilag med Sogn regionråd og samferdslegruppa for å fremje regionen sine interesser i samferdslesaker
  • initiere og leggje til rette for kontakt og påverknadsarbeid mot nasjonale og regionale styresmakter og andre viktige organ og aktørar

Kvalifikasjonar:

  • Relevant høgare utdanning er ønskeleg. Relevant arbeidserfaring kan kompensera for krav til utdanning.
  • Relevant fagkompetanse.
  • Erfaring frå prosjektleiing og strategisk arbeid.
  • God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne.
  • God samfunnsforståing og gode analytiske evne.

 

Vi ønskjer ein person som:

  •  kan vise til oppnådde resultat
  •  er god på nettverksbygging og samhandling
  •  er engasjert, initiativrik og sjølvstendig
  •  har gode samarbeidsevner

 

Vi tilbyr

  • Spennande arbeidsoppgåver.
  • Aktivt og engasjerande arbeidsmiljø.
  • Lønn etter avtale.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.

 

Tilsetjingsvilkår:

  • Tilsetjinga er mellombels for to år, med moglegheit for forlenging i eitt år.
  • Sogndal kommune er formell arbeidsgjevar.
  • Søkjar må ha sertifikat klasse B og disponera eigen bil.
  • Nynorsk vert nytta som skriftspråk

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne eller minoritetsbakgrunn. Menn vert oppmoda til å søkje. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

Søknader må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.  

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    28.10.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4771006
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 12.10.2022