Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
22.09.2024Ansettelsesform
EngasjementBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5861630Se her for andre jobber fra Ål Kommune
- Oppdatert 05.09.2024
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Ål Kommune
Prosjektleiar Ål Helsetun
Offentlig forvaltning
Ål kommune skal bygge ut Ål helsetun i etappar og treng ein erfaren og tydeleg prosjektleiar i inntil 100% stilling i 3-5 år.
Arbeidsoppgåver:
- Saman med prosjektorganisasjonen definere romprogram for dei ulike byggestega og leie planlegging, prosjekterings- og byggefasene.
- Sørge for at styringsgruppe, arbeidsgrupper, referansegrupper og brukarkoordinator fungerer godt.
- Utarbeide framdriftsplan og budsjett for arbeidet.
- Ha kontakt med Husbanken på vegne av byggherre.
- Vere med på å velgje enterpriseform og sørge for utlysing av arkitekt-, prosjekterings- og byggeoppdrag.
- Følgje opp leverandørane i planleggings-, prosjekterings- og byggefasane.
Stillinga kan evt delast opp viss søkjarar ønsker deltidsstilling.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Vi ønsker ein prosjektleiar med erfaring og gode referansar helst frå store byggeprosjekt innan helse.
- Ønskeleg med høgare utdanning innan relevante fagområde. Relevant erfaring kan kompensera for utdanningskravet.
- Vi ser etter ein som er ryddig og strukturert, og har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
- Du har solid økonomiforståing og evne til å skape struktur.
- Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne er viktig.
Me kan tilby:
- Ei unik jobbmoglegheit med eit spennande prosjekt som vil setje spor i lokalsamfunnet.
- Fleksibel og variert arbeidskvardag.
- Eit godt og fagleg kompetent team og støtteapparat med vilje til utvikling, som vil vere med å gje både forankring, nettverk og motivasjon.
- Løn etter avtale.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar regulert av Hovedtariffavtala.
Send søknad:
- Ta kontakt om du har spørsmål knytt til stillinga.
- Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
- Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
- Intervju vil skje løpande gjennom søknadsprosessen.
Velkomen som søkjar!
Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
22.09.2024Ansettelsesform
EngasjementBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5861630Se her for andre jobber fra Ål Kommune
- Oppdatert 05.09.2024