• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    21.05.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5160198
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 09.05.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Prosjektleiar 100% fast, Eigedomsutvikling og gjennomføring

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Prosjektleiar - 100% fast, Eigedomsutvikling og gjennomføring

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 300 innbyggjarar og 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutvikler med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressurser. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjoner om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

 

Øygarden kommune sine verdiar: Stolt – På lag – Med glød - Modig

 

Ønskjer du å bli ein del av eit kreativt miljø der framtida i Vestland sin nest største kommune blir skapt? Øygarden er kjent for å vere framoverlent, utviklingsorientert og på lag med framtida. Her skjer det mykje spennande både i privat og offentleg sektor. Som prosjektleiar i Øygarden vil du få ein spennande og hektisk arbeidskvardag saman med gode kollegaer.

 

Om avdelinga:

Avdelinga er ansvarleg for gjennomføring av investeringsprosjekt i kommunen, innan bygg og anlegg. Det vil seie forskjellige formålsbygg som skular, barnehagar, sjukeheimar og liknande i heile kommunen, samt infrastruktur som vegar og gang-/sykkelvegar.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Prosjekt- og byggeleiing ved prosjektering og bygging/rehabilitering av formålsbygg. I dette inngår styring og koordinering av kontraktspartar innan prosjektering og entreprisar.
  • Arbeider tett med brukarane av bygga med tanke på brukarinvolvering i prosjekteringfasar

 

Kvalifikasjonar: 

Må ha:

  • Bachelor/master i relevante byggfag
  • Relevant erfaring som prosjektleiar, eller god erfaring med prosjektering og bygging.

Ønskjeleg med:

  • Erfaring med rådgjevingskontraktar og bygg/anleggskontraktar
  • Sertifisering eller erfaring med prosjektgjennomføring etter Prince2-metodikk
  • Erfaring med bygging av bygg i massivtre
  • Erfaring med innovative energiløysingar for bygg
  • Erfaring med offentleg forvaltning og offentlege anbodsprosessar

 

Personlege eigenskapar:

  • Du jobbar systematisk
  • Du er serviceinnstilt og tar din del av ansvaret for at eininga gjer ein god jobb for kommunen, innbyggarar og tilsette
  • Du skriv godt og presenterer gjerne munnleg for andre det du har skrive
  • Du tar initiativ og leier an når oppgåver skal løysast, men samarbeider gjerne for å få jobben gjort
  • Du fokuserer ikkje på problem, men løysingar
  • Du klarar å halde oversikt utan å miste detaljane av syne

 

Anna:

  • Stillinga er ledig frå 1. august.

 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Kontakt:

Rune Landro, assisterande kommunalsjef  56 38 54 02/93 81 70 44

Jostein Foldnes, fagleiar, 56 16 15 22

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    21.05.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5160198
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 09.05.2023