Företag
Tersan HavyardAnsökningstiden
Så snart som möjligtArbetsfunktion
LederstillingHeltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Maritime Industri / ServiceUtbildningskrav
BachelorArbetserfsrenhet
8-10 årÖnskat språk
Norsk, EngelskAdress
6953, LEIRVIK I SOGN
HYLLESTAD
NorgeAndra arbetsplatser
HyllestadAntal befattningar
3Karriere-kod
4648034Se här för andra jobb från Tersan Havyard
- Uppdaterad 03.06.2022
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Tersan Havyard
Spennande mogelegheiter i Havyard Leirvik. Verftet ved Sognefjorden.
Prosjektleiar og arbeidsleiar/operatørMaritime Industri / Service
Havyard Leirvik AS er skipsverftet ved Sognefjorden
Vi driv med ombygging, service og vedlikehald av alle typar maritime konstruksjonar frå vår sentrale plassering, ytst i Sognefjorden. Vi har gode fasilitetar for å utføre eit godt og effektivt arbeid, og har over 100 års erfaring med skipsbygging. I Havyard Leirvik har vi gode kunderelasjonar med fleire store norske og utanlandske kundar.
Havyard Leirvik AS har mange spennande prosjekt på gong, og ordreboka fyllast meir og meir opp. Difor er vi på jakt etter nye kollegaer til verftet her i Leirvik. Vi søker etter ein prosjektleiar som vil ha det overordnede ansvaret for prosjektet han/ho blir tildelt, i tillegg til 2 arbeidsleiarar/operatørar til teamet vårt på røyravdelinga.
Vi oppmodar kvinner til å søke.
Passar ikkje desse stillingane for deg, men du har likevel lyst å bli ein del av Havyard Leirvik? Vi er alltid på jakt etter ny og spennande kompetanse, også dei med litt utradisjonell bakgrunn for bransjen vår. Send oss gjerne ein open søknad eller ta kontakt med Anette Traa på tlf: 99405359.
Beskrivelse for prosjektleiar
Ansvarsområde
· Overordna ansvar for prosjektet, økonomisk og framdrift
· Leie prosjektgruppa, beståande av planleggar, teknikarar og produksjon
Arbeidsoppgåver
· Planlegging og framdrift
· Følge og kvalitetssikre byggeprosessen
· Budsjett og rapportering
· Koordinering og samarbeide med ulike interne avdelingar
· Kontakt mot rederi, synleggjere og tilpasse tekniske løysingar mot rederiet
· Kontakt med samarbeidspartnarar og underleverandørar
Utdanning/praksis
· Høgare utdanning. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande utdanning
· Sjølvdriven med høg gjennomføringsevne
· Målretta og strukturert
· Samarbeidsorientert og god kommunikasjonsevne
· Gode engelskkunnskapar
Vi tilbyr:
- Konkurransedyktige betingelsar
- Unike faglege og personlege utviklingsmogelegheiter
- Godt arbeidsmiljø
- Jobb i ei IA-bedrift
- Avonova er vår bedriftshelsetjeneste
- Svært gode forsikrings- og pensjonsordningar
For mer informasjon om stillinga som prosjektleiar, ta kontakt med Prosjektsjef Vegard Skår på 46 69 29 14
For operatør på røyravdelinga
Til variert stilling på vår røyravdeling søkjer vi deg med fagbrev I Industrirøyrleggarfaget. Havyard Leirvik har ei solid ordrebok med krevjande prosjekt framover som gir våre ansatte mogelegheiter for faglig utvikling og spennande utfordringar. Vi oppmodar både deg med ferskt fagbrev og erfarne røyrleggarar til å søkje!
Arbeidsoppgåver:
- Planlegge og utføre arbeidsoppgåver i tråd med gjeldande regelverk
- Eigenkontroll på utført arbeid
Kvalifikasjonar:
- Fagbrev i Industrirøyrleggarfaget
- Erfaring frå industri
- Gode praktiske eigenskapar
- Ønskjeleg med sertifikat på truck og kran
Personlige egenskaper:
- Må kunne jobbe sjølvstendig og gjennomføre pålagte oppgåver i ein hektisk kvardag.
- Vise stort engasjement og ståpåvilje.
- Sett krav til eige arbeid
- Gode kommunikajsonsferdigheiter
- Høgt fokus på HMS og kvalitet i arbeidet
Vi tilbyr:
- Konkurransedyktige betingelsar
- Unike faglege og personlege utviklingsmogelegheiter
- Godt arbeidsmiljø
- Jobb i ei IA-bedrift
- Avonova er vår bedriftshelsetjeneste
- Svært gode forsikrings- og pensjonsordningar
For meir informasjon om stillingen som operatør på røyravdelinga, ta kontakt med teamleiar Stig Breidvik på 91 88 12 81
For arbeidsleiar røyr
Arbeidsoppgaver:
- Sikre at arbeid som ligger til ansvarsområdet gjennomføres med fokus på HMS, kvalitet og effektivitet
- Arbeidsledelse og oppfølging av prosjekt som er under bygging
- Daglig planlegging og koordinering av produksjonen
- Sørge for at alt nødvendig materiell er tilgjengelig for effektiv og sikker utførelse av arbeidet
- Følge opp og bidra til å forbedre kostnadsestimater, registrering og rapporter
Kvalifikasjoner:
- Ønskelig med fagskole, men relevant erfaring kan kompensere for manglende formell utdanning
- Fagbrev som industrirøyrleggar
- Erfaring fra maritim-, offshore- eller industriell bransje.
- Ledererfaring
- Være faglig oppdatert og ha en god porsjon yrkesstolthet
Personlige egenskaper:
- Må kunne jobbe sjølvstendig og gjennomføre pålagte oppgåver i ein hektisk kvardag.
- Vise stort engasjement og ståpåvilje.
- Sett krav til eige arbeid
- Gode kommunikajsonsferdigheiter
- Høgt fokus på HMS og kvalitet i arbeidet
Vi tilbyr:
- Unike faglige og personlige utviklingsmuligheter
- Gode opparbeidings- og avspaseringsordninger
- Konkurransedyktige betingelser
- Bedriftshelsetjeneste
- Jobb I en IA-Bedrift
- Svært gode pensjons- og forsikringsordninger
Företag
Tersan HavyardAnsökningstiden
Så snart som möjligtArbetsfunktion
LederstillingHeltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Maritime Industri / ServiceUtbildningskrav
BachelorArbetserfsrenhet
8-10 årÖnskat språk
Norsk, EngelskAdress
6953, LEIRVIK I SOGN
HYLLESTAD
NorgeAndra arbetsplatser
HyllestadAntal befattningar
3Karriere-kod
4648034Se här för andra jobb från Tersan Havyard
- Uppdaterad 03.06.2022