Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
01.08.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3960013Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 02.07.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Øygarden kommune
Prosjektkoordinator 100% mellombels for utvikling av skulebiblioteka - Øygardsbiblioteka
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Øygardsbiblioteka består av 3 avdelingar, ein på Skogsvåg, ein på Straume og ein avdeling på Rong. Det er 8 ansatte som deler lokaler og jobbar tett med innbyggjartorget i kommunen.
Øygardsbiblioteka har fått tildelt prosjektmidlar av UDIR for å utvikle skulebiblioteka i kommunen. Målet med prosjektet er å styrke den bibliotekfaglege ressursen og gje eit likeverdig tilbod til alle skulebiblioteka i kommunen.Prosjektstillinga vil i hovudsak halde til på avdeling Rong, der skulebibliotek-koordinator har kontor, men i periodar vil arbeidsplassen vera på Straume eller Skogsvåg, stillinga vil i periodar vera omreisande til ulike skular i kommunen. Det er 17 barneskular og 4 ungdomsskular i kommunen.
Arbeidsoppgåver:
Folkeblioteket har ledig 1 prosjektstilling retta mot skulebibliotek i 100% skuleåret 2021/2022. Er du utadvendt, dyktig og engasjert i utvikling av skulebibliotek er du den vi er på jakt etter.
I stillinga som prosjektkoordinator må du kunne planlegge og gjennomføre kurs for både lærarar og elevar. Arbeidet er retta inn mot grunnskulen frå 1 – 10 klasse. Du må kunne planlegge og formidle litteratur til barn, både fysiske lesestunder, men også digitale. Du er strukturert, likar å planlegge og har god gjennomføringsevne. Du evnar å setja deg inn i digitale system og likar å jobba framtidsretta.
Kvalifikasjonar:
Må ha:
- Grunnskulelærarutdanning
- Minimum 3 års erfaring frå undervisning i grunnskulen
- Bør har erfaring frå skulebibliotek i grunnskulen
- Gode samarbeidsevner
- Gode formidlingsevner både til vaksne og barn
- Må ha sertifikat og bil
Ønskjeleg med:
- Interesse for litteratur og bibliotekarbeid
- Brenner for å auke barn si leselyst og lesekompetanse
- Erfaring med prosjektarbeid
- God digital kompetanse med erfaring frå sosiale medier som kommunikasjonskanal
Personlege eigenskapar:
- Du er sosial, entusiastisk og initiativrik med god gjennomføringsevne.
- Du har gode samarbeidsevner og likar å dele din kompetanse.
- Du er god på å skape relasjonar til andre
- Du er fleksibel og likar utviklingsarbeid
Personleg eignaheit vert vektlagt
Anna:
Engasjement frå 01.09.21 til 01.07.22
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA verksemd
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
01.08.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3960013Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 02.07.2021