• Company
    Tersan Havyard
  • Application deadline
    As soon as possible
  • Position function
    Prosjektingeniør
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Skipsbyggerier og -verft
  • Educational qualification
    Høgare teknisk utdanning
  • Work experience
    Kjennskap / erfaring frå maritimbransje, eller samanliknbar industri, vil vere ein fordel
  • Desired language
    Engelsk, Norsk
  • Address
    6953, LEIRVIK I SOGN
    HYLLESTAD
    Norway
  • Work from home?
    Yes
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6379802
  • Look here for other jobs from Tersan Havyard
Vacancy

Tersan Havyard

Vil du vere med og byggje framtidas skip?

Prosjektingeniør Elektro – Tersan Havyard

Skipsbyggerier og -verft

Tersan Havyard driv med nybygg, ombygging, service og vedlikehald av alle typar fartøy frå vår sentrale plassering ytst i Sognefjorden. Vi har moderne fasilitetar, høg kompetanse og over 100 års erfaring innan skipsbygging.

Vi har fleire spennande prosjekt på gang og ei solid ordrebok. No søker vi ein Prosjektingeniør Elektro som vil vere ein nøkkelperson i planlegging, oppfølging og gjennomføring av elektriske system om bord på våre skip.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Utarbeide og oppdatere elektroskjema, kabelføringsplanar og dokumentasjon
  • Delta i planlegging, integrasjon og testing av elektriske system (navigasjon, fremdrift, automasjon m.m.)
  • Koordinere arbeid med interne fagmiljø og eksterne leverandørar
  • Følge opp krav frå klasseselskap og relevante standardar (DNV, IMO, IEC m.fl.)
  • Bistå ved feilsøking, testing og verifikasjon av installasjonar
  • Sikre god dokumentasjon, kvalitet og framdrift i prosjekta

Kvalifikasjonar:

  • Bachelor- eller mastergrad innan elektro, automasjon eller elektronikk (alternativt teknisk fagskule med relevant fagbrev)
  • Erfaring frå skipsbygging, maritim industri eller offshore er ein fordel
  • God kompetanse innan teikning og oppdatering av elektroskjema (gjerne erfaring med AutoCAD Electrical, EPLAN eller tilsvarande)
  • Forståing for komplekse elektro- og automasjonssystem
  • Kjennskap til P&ID og systemteikningar er ein fordel
  • Erfaring med dokumentasjon og kvalitetskontroll

Personlege eigenskapar:

  • Strukturert, nøyaktig og løysingsorientert
  • Gode samarbeidsevner og evne til å kommunisere på tvers av fag
  • Evne til å handtere fleire prosjekt parallelt og levere innan tidsfristar
  • Gode språkferdigheiter i norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg

Vi legg stor vekt på arbeidslyst og sosiale eigenskapar. Om du ikkje oppfyller alle ønskja, men har engasjement og interesse for faget, oppmodar vi deg likevel til å søke. Nyutdanna er sjølvsagt også velkomne til å søke!

Vi tilbyr:

  • Spennande prosjekt i eit framtidsretta skipsverft
  • Moglegheit til å jobbe tett med både norske og internasjonale kundar og leverandørar
  • Eit sterkt fagmiljø med dyktige kollegaer
  • Gode utviklingsmoglegheiter og konkurransedyktige vilkår


Arbeidsstad: Leirvik i Hyllestad

Stillinga rapporterer til: Engineering Manager

For meir informasjon om stillinga ta kontakt med Engineering Manager Asbjørn Lylund, 957 24 779


Passar ikkje denne stillinga for deg, men du har likevel lyst å bli ein del av Tersan Havyard? Vi er alltid på jakt etter ny og spanande kompetanse, også dei med litt utradisjonell bakgrunn for bransjen vår. Send oss gjerne ein open søknad!

Les meir om Tersan her: https://www.tersanhavyard.no/

Nysgjerrig på å bu og jobbe i Hyllestad? ta ein titt her: https://www.hyllestadinfo.no/

 

  • Company
    Tersan Havyard
  • Application deadline
    As soon as possible
  • Position function
    Prosjektingeniør
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Skipsbyggerier og -verft
  • Educational qualification
    Høgare teknisk utdanning
  • Work experience
    Kjennskap / erfaring frå maritimbransje, eller samanliknbar industri, vil vere ein fordel
  • Desired language
    Engelsk, Norsk
  • Address
    6953, LEIRVIK I SOGN
    HYLLESTAD
    Norway
  • Work from home?
    Yes
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6379802
  • Look here for other jobs from Tersan Havyard