• Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    23.05.2022
  • Stillingsfunksjon
    Sakshandsamar
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4591909
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 12.05.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sunnfjord kommune

Prosjekt Trygg elv - sommarjobb

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sunnfjord kommune er ein av fleire kommunar som i lag med NTNU og NVE er deltakar i forskingsprosjektet «Trygg Elv». 

Trygg Elv-prosjektet har som mål å utvikle metodar for effektiv kartlegging av kritiske område langs bekkar og vassdrag i forhold til flaum, erosjon, jord- og kvikkleireskred. I prosjektet utviklast metodar som koplar informasjon frå GIS system med strøymingsforhold i vassdrag og på bakgrunn av dette identifisere kritiske punkt der ein må ha ekstra fokus og vurdere tiltak.

Prosjektet tek utgangspunkt i vassdrag og hendingar i kommunen, og sommarjobben vil mellom anna skaffe viktig lokalt grunnlag for prosjektet og eventuelt også for ei prosjekt/master oppgåve.

  • Vi søker studentar til spennande og varierte sommarjobboppgåver knytt til dette prosjektet.

Sommarjobben vil vere svært relevant for studentar med interesse for eitt eller fleire av tema naturfarar, vatn, geologi, geoteknikk, planlegging, veg, bane og annan infrastruktur. Ikkje minst vil den vere relevant for studentar som ønsker høve til å kombinere felt og kontorarbeid.

Sommarjobben kan knyttast til studie innan dei nemnde fagområda og kan vidareførast i, eller vere del av prosjekt- og masteroppgåve om dette er av interesse.

Arbeidsoppgåver:


Tilpassast den enkelte søkjar sine kvalifikasjonar og interesser og kan omfatte:

  • kartlegging og dokumentasjon av tidlegare hendingar i kommunen med feltsynfaring og oppmåling
  • oppmåling av bekkar og vassdrag og etablering av terrengmodellar
  • bruk av drone for oppmåling og dokumentasjon
  • identifisering av potensielle kritiske punkt ihht NVE sin rettleiar for kartlegging av bekker og vassdrag
  • etablering av vassføringsstasjonar og vassføringsmålingar
  • oppgåvene vil rettleiast og uførast i samarbeid med personar frå kommunen og NTNU og NVE. I tillegg til oppgåver knytta direkte til Trygg Elv prosjektet vil det vere aktuelt å delta i andre relevante oppgåver i kommunen

Kvalifikasjonar:

  • avslutta minimum 1års studie på høgare nivå (Universitet/høgskule)
  • interesse for eitt eller fleire av områda naturfare, geografi, geologi, geoteknikk, vatn og miljø, veg eller planlegging
  • sertifikat er ønskeleg
  • erfaring med GIS, Dronar eller IT system er ein fordel, men ikkje nødvendig
  • du bør beherske norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar:


Vi søker etter deg som er fleksibel, sjølvstendig og løysningsorientert. Du bør ha gode fjellsko, være glad i natur og å være ute og ikkje redd for utfordringar. Studentar som ønsker prosjekt- eller masteroppgåver relatert til

Vi kan tilby:
  • ein spennande og utviklande læreplass med varierte arbeidsoppgåver 
  • dyktige rettleiarar med høg kompetanse
  • lønn og arbeidsvilkår i henhald til lov og avtaleverk

 Du må søke elektronisk.

Velkommen som søkar!

 

  • Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    23.05.2022
  • Stillingsfunksjon
    Sakshandsamar
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4591909
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 12.05.2022