Ledigt jobb

Elkem ASA avd Bjølvefossen

Elkem Bjølvefossen

Prosessoperatørar

Elkem Bjølvefossen har ledige stillingar, både fast og vikariat

Hovudprosessane våre er knytt til omnsdrift med kjelanlegg, raffinering og utstøyping, prøvetaking og lab-analysar, samt knusing, sikting og pakking av ferdigvareprodukt. Mykje av dette overvaka via prosesstyresystem.

Viktigaste arbeidsoppgåver:

  • Sette seg inn i og følgje opp gjeldande instruksar og jobb-beskrivelsar
  • Kontinuerlege forbetringar som ein del av dei daglege gjeremåla
  • Bruke dataverkty
  • Utføre arbeid i forbindelse med den daglege drifta etter gjeldande krav til kvalitet og HMS

Vi ønskjer at du har følgjande kvalifikasjonar:

  • Fortrinnsvis fagbrev i Kjemi-/prosess eller andre tekniske fag, men arbeidsvillige personar utan fagbrev vert også vurdert.
  • Kjelsertifikat
  • Førarkort klasse B
  • Yrkesbevis for traverskran, truck og stortruck
  • Gode HMS-haldningar
  • Evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
  • Beherske norsk, både munnleg og skriftleg

Arbeidstidsordninga er 33,6 t/v i ei femskiftsordning.

Elkem etterstrebar mangfald ved tilsetting. Arbeidsoppgåvene høver for ulike kjønn og nasjonalitetar.

Legg ved CV samt informasjon om du ynskjer fast tilsetting eller om vikartilsetting også er aktuelt.

Mottekne søknader vert vurdert fortløpande.