Bedrift
Elkem ASSøknadsfrist
20.02.2026Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Jern, stål og metaller - ProduksjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
0277, OSLO
OSLO
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6521713Se her for andre jobber fra Elkem AS
Elkem AS
Prosessoperatørar
Jern, stål og metaller - Produksjon
Hovudprosessane våre er knytt til omnsdrift med kjelanlegg, raffinering og utstøyping, prøvetaking og lab-analysar, samt knusing, sikting og pakking av ferdigvareprodukt. Mykje av dette overvaka via prosesstyresystem.
Viktigaste arbeidsoppgåver:
- Sette seg inn i og følgje opp gjeldande instruksar og jobb-beskrivelsar
- Kontinuerlege forbetringar som ein del av dei daglege gjeremåla
- Bruke dataverkty
- Utføre arbeid i forbindelse med den daglege drifta etter gjeldande krav til kvalitet og HMS
Vi ønskjer at du har følgjande kvalifikasjonar:
- Fortrinnsvis fagbrev i Kjemi-/prosess eller andre tekniske fag, men arbeidsvillige personar utan fagbrev vert også vurdert.
- Kjelsertifikat
- Førarkort klasse B
- Yrkesbevis for traverskran, truck og stortruck
- Gode HMS-haldningar
- Evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- Beherske norsk, både munnleg og skriftleg
Arbeidstidsordninga er 33,6 t/v i ei femskiftsordning.
Elkem etterstrebar mangfald ved tilsetting. Arbeidsoppgåvene høver for ulike kjønn og nasjonalitetar.
Legg ved CV samt informasjon om du ynskjer fast tilsetting eller om vikartilsetting også er aktuelt.
Mottekne søknader vert vurdert fortløpande.
Bedrift
Elkem ASSøknadsfrist
20.02.2026Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Jern, stål og metaller - ProduksjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
0277, OSLO
OSLO
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6521713Se her for andre jobber fra Elkem AS