Company
Tersan HavyardApplication deadline
As soon as possiblePosition function
ProsjektledelseFulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
Skipsbyggerier og -verftEducational qualification
Fag- / SvennebrevWork experience
Kjennskap / erfaring frå maritimbransje, eller samanliknbar industri, vil vere ein fordelDesired language
Engelsk, NorskAddress
6953, LEIRVIK I SOGN
HYLLESTAD
NorwayOther workplaces
HyllestadNumber of positions
2Career-kode
6503202Look here for other jobs from Tersan Havyard
Tersan Havyard
Vil du ha ei nøkkelrolle i oppstart og levering av nokre av dei mest avanserte skipa som blir bygde i Noreg?
Project Commissioning SupervisorSkipsbyggerier og -verft
Tersan Havyard søkjer no ein Project Commissioning Supervisor som skal leie og sikre ein trygg, effektiv og profesjonell oppstart av våre nybygg.
Hos oss får du ei sentral rolle i krysspunktet mellom prosjekt, produksjon, rederi, klasse og myndigheiter – og ansvar for at fartøya våre går frå ferdig bygde til fullt operative.
Som Project Commissioning Supervisor har du det overordna ansvaret for planlegging, koordinering og gjennomføring av commissioning, testing og oppstart av skip fram til levering.
Du er kundens og prosjektet sitt viktigaste bindeledd i denne kritiske fasen!
Ansvarsområder og oppgåver
- Planleggje, leie og koordinere all commissioning og oppstart av skip i prosjektet
- Vere bindeledd mot prosjekt, rederi, klasse, myndigheiter og leverandørar
- Organisere og leie interne og eksterne ressursar i oppstartsfasen
- Gjennomføre og dokumentere SAT, HAT og prøvetur i tråd med kontrakt- og klassekrav
- Følge opp framdrift, ressursbruk, kvalitet og HMS under oppstart og prøvetur
- Melde avvik, foreslå forbetringar og sikre lukking
- Bidra i prosjekt- og produksjonsfasen for å sikre best mogleg sluttprodukt før levering
- Bygge gode relasjonar med rederi, samarbeidspartnarar og leverandørar.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev og teknisk fagskule eller høgare relevant utdanning (fordel, men ikkje krav)
- Leiarerfaring frå industri, verft, bygg eller prosjekt-/driftsorganisasjon
- God teknisk og kommersiell forståing
- Evne til å kommunisere tydeleg med ulike fagmiljø, kundar og myndigheiter
- Strukturert og løysingsorientert
- Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk.
Arbeidsstad er Leirvik i Hyllestad.
Stillinga rapporterer til Project Commissioning Manager i Tersan Havyard
For meir informasjon ta kontakt med PCM Eirik Mjømen på 418 21 436
Passar ikkje denne stillinga for deg, men du har likevel lyst å bli ein del av Tersan Havyard? Vi er alltid på jakt etter ny og spanande kompetanse, også dei med litt utradisjonell bakgrunn for bransjen vår. Send oss gjerne ein open søknad!
Les meir om Tersan her: https://www.tersanhavyard.no/
Nysgjerrig på å bu og jobbe i Hyllestad? ta ein titt her
Company
Tersan HavyardApplication deadline
As soon as possiblePosition function
ProsjektledelseFulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
Skipsbyggerier og -verftEducational qualification
Fag- / SvennebrevWork experience
Kjennskap / erfaring frå maritimbransje, eller samanliknbar industri, vil vere ein fordelDesired language
Engelsk, NorskAddress
6953, LEIRVIK I SOGN
HYLLESTAD
NorwayOther workplaces
HyllestadNumber of positions
2Career-kode
6503202Look here for other jobs from Tersan Havyard
-
Supervisor
Tersan Havyard
LEIRVIK I SOGN -
Prosjektingeniør Elektro – Tersan Havyard
Tersan Havyard
LEIRVIK I SOGN -
Elektromontør og automatikar – Tersan Havyard
Tersan Havyard
LEIRVIK I SOGN -
Klar for nye utfordringar? Bli vår nye Supervisor for Innredning & HVAC
Tersan Havyard
LEIRVIK I SOGN -
Industrimekanikar – Tersan Havyard
Tersan Havyard
LEIRVIK I SOGN