Bedrift
Vaksdal kommuneSøknadsfrist
25.09.2023Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5722, DALEKVAM
VAKSDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5353169Se her for andre jobber fra Vaksdal kommune
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Vaksdal kommune
Programrettleiar ved VIS
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Programrettleiar
Spanande stilling som programrettleiar knytt til introduksjonsprogrammet for busette flyktningar.
Har du 3-årig høgskuleutdanning innan relevant fagfelt , er utåtvent, initiativrik og løysingsorientert?
Då kan det vere deg vi leitar etter! Stillinga fylgjer kalenderåret.
Vaksdal kommune har frå 1.12.23 ledig 100 % stilling som programrettleiar ved Vaksdal Integreringssenter - VIS. Stillinga er ei prosjektstilling med varigheit på 1 år med mogelegheit for forlenging.
Flyktningtenesta er del av eininga Barnehage, kultur og inkludering og samarbeider tett med andre kommunale tenester, frivilligheita og private aktørar.
Arbeidsoppgåver
- Administrasjon
- Oppfølging av språk-/arbeidspraksis
- Jobbrelatert norskundervisning
- Arbeidsretta undervisning med oppfølging på arbeidsplassar
- Rettleiing og informasjonsarbeid for vaksne flyktningar, både individuelt og i grupper
Krav til kompetanse
Godkjent høgskule/universitetsutdanning som er fagleg relevant for stillinga.
Det er ønskjeleg med utdanning innan norsk som andrespråk/migrasjonspedagogikk og/eller erfaring innan området.
Personlege eigenskapar
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og leiter etter deg som er utadvent, initiativrik og løysningsorientert. Du må evne å tenkja nytt og våga å sette i gang prosjekt utan at fasiten er klar. Du må og ha evne til å arbeide sjølvstendig og i team. Ikkje minst, du må evna å gjennomføra dei mål som er satt. At du er stabil og påliteleg er ei føremon.
Me ynskjer ein fleksibel og engasjert person som også evnar å arbeide sjølvstendig og å stå i ulike daglege utfordringar. Gode kommunikasjonsferdigheiter er sjølvsagt.
Personlege eigenskapar vert vektlagt, med særskilt fokus på gode samarbeidsevner, samt evne til å ta ansvar i ein travel kvardag.
Vaksdal kommune kan tilby
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Kompetente og engasjerte kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordninger
- Individuell oppfølging
- Moglegheiter for støtte til etter- og vidareutdanning
- Løn i tråd med tariffavtaleverk
Slik søkjer du
Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar.
Har du søkt på stilling i Vaksdal via EasyCruit før er brukarnamn ofte e-posten du brukte.
Treng du hjelp, kan du venda deg til innbyggarservice på telefon 56594400
Bedrift
Vaksdal kommuneSøknadsfrist
25.09.2023Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5722, DALEKVAM
VAKSDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5353169Se her for andre jobber fra Vaksdal kommune