• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    14.04.2024
  • Ansettelsesform
    Engasjement
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5657904
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Programrådgjevarar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om stillingane:

Grunna auka busetjing av flyktningar har Flyktningtenesta i Sogndal ledig to midlertidige 100% stillingar som programrådgjevarar. Varigheita på begge stillingane er eitt år. Forlenging kan bli aktuelt avhengig av vidare busetjing.

Flyktningtenesta er ei avdeling i NAV Sogndal. Me har ansvar for å busetje og kvalifisere flyktningar etter vedtak i kommunestyret. I 2024 er det vedteke å busetje 160 flyktningar fordelt i heile Sogndal kommune.

Som programrådgjevar vil du ha kontorplass både på Leikanger og i Sogndal. Jamlege arbeidsdagar i Balestrand må påreknast.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Målretta samarbeid med flyktningane for å hjelpe dei nå mål om arbeid eller utdanning
  • Kartlegging, utarbeiding og oppfølging  av integreringsplan for deltakarar i introduksjonsprogrammet
  • Samtalar og rettleiing individuelt og i gruppe
  • Tverrfagleg samarbeid og fagleg utviklingsarbeid
  • Samarbeide med lokalt næringsliv om praksisplassar og rekruttering
  • Bidra til god integrering og være pådrivar for at flyktningar skal meistre eigen livssituasjon, kvardag, økonomi og helse

 

Kvalifikasjonar:

  • 3-årig relevant universitets- eller høgskuleutdanning
    •  Særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • God samhandlings- og relasjonskompetanse
  • Er vant til å bruke IKT som verktøy
  • Gode kommunikative evner
  • Gode norskferdigheter, både skriftleg og munnleg
  • God kjennskap til samfunnsliv, utdanningssystem og arbeidsliv

Me ynskjer videre at du har:

  • Fleirkulturell forståing og erfaring
  • Rettleiingskompetanse
  • Erfaring frå offentleg forvaltning
  • Erfaring frå arbeid med flyktningar

 

Personlege eigenskapar:

  • Har godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø
  • Har høg grad av sjølvstende og gjennomføringsevne

Personlege eigenskapar vert vektlagt

 

Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.


Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit.

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    14.04.2024
  • Ansettelsesform
    Engasjement
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5657904
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune