Ledig stilling

Kvam Herad i Brønnøysund

Programrådgjevar NAV Kvam - Flyktningtenesta

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

 Vil du bli vår nye kollega?

Me søkjer etter programrådgjevar i 100 % stilling frå snarast, for tida ved Nav Kvam - flyktningtenesta. Programrådgjevar vil ha ansvar for introduksjonsprogram og oppfølging av flyktningar.

NAV Kvam er sentral i det strategiske ansvaret for gjennomføringa av arbeids- og velferdspolitikken i Kvam herad og NAV region Voss og Hardanger. Me er 21 medarbeidarar fordelt på stat og kommune og held til i Norheimsund i nye kontorlokale i Kvam rådhus. I Kvam er flyktningtenesta organisert i NAV.

Hovudmålsettinga for flyktningtenesta er at alle flyktningane som vert busette skal ta aktivt del i arbeids- og samfunnslivet i Kvam. 

Arbeidsoppgåver

  • Kartlegging av programdeltakarane sine interesser, ressursar og karrieremål
  • Fylgja opp deltakarar i introduksjonsprogrammet mot utdanning og arbeid
  • Ansvar for koordinering av fulltidsprogram
  • Kontakt med arbeidsgjevarar for å finna og fylgja opp praksis og jobbmoglegheiter
  • Sakshandsaming etter Lov om integrering gjennom opplæring, utdanning og arbeid.
  • Rettleia flyktningar ved behov for andre tenester
  • Tett samarbeid med vaksenopplæringa
  • Planlegga, korordinera og halda kursdagar for programdeltakarane til dømes livsmeistring i nytt land og digitale opplæringsdagar.
  • Andre oppgåver kan verta lagt til stillinga

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgskule- eller universitetsutdanning- bachelor eller høgare
  • Det er ei føremon om du har erfaring frå introduksjonsprogram, endrings- og motivasjonsarbeid
  • Erfaring frå Nav og vaksenopplæring vil også vera ei føremon
  • Førarkort klasse B er ein føremon

Personlege eigenskapar

  • Løysingsorientert
  • Møter andre på ein respektfull og open måte
  • Har evne til å arbeida målretta, nøyaktig og effektivt - sjølvstendig og i team
  • Bidra positivt i arbeidsmiljøet, er fleksibel og initiativrik
  • Du må vera engasjert og positiv
  • Du må tåla arbeidspress og ha evne til å prioritera
  • Du må bidra i teamet og vera ein god lagspelar
  • Du må kunna arbeida sjølvstendig og ha stor gjennomføringsevne og evne til å tenka løysingar
  • Du må vera strukturert og ryddig og forhalda deg til klare mål
  • Du må ha evne til endring, omstilling og kunna tenka nytt

Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø
  • Utfordrande oppgåver på eit viktig samfunnsområde
  • Tverrfagleg arbeidsmiljø med gode kollega som er flinke til å samarbeida for å finne gode løysingar
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår

Generell informasjon:

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.