Ledig stilling

Vestnes kommune

Programrådgjevar

Offentlig forvaltning

Stillingstype

På grunn av stor auke i busetting av flyktningar i Vestnes kommune er det er ledig inntil 200 % stilling som Programrådgjevar i Eining for kvalifisering og integrering, Flyktningtenesta. Vi tek atterhald om endringar elles i organisasjonen. 

Arbeidsoppgåver

Som programrådgjevar arbeider du for at flyktningar skal lukkast med utdanning og arbeid. Du samarbeider på tvers av fagområda og tenestene lokalt og regionalt.

- Busetting av vaksne og familiar som busettast etter avtale med kommunen og IMDi.
- Gi informasjon, opplæring og støtte i ein etableringsfase
- Kartlegge deltakars bakgrunn og gje karriererettleiing
- Rettleiing kring deltakars mål og tiltak i integreringsplan
- Koordinere introduksjonsprogrammet
- Sakshandsaming
- Samarbeide med lokalt næringsliv og lokale bedrifter om arbeidspraksis
- Planlegge og gjennomføre rettleiing individuell og i grupper

Noko arbeid utover normal arbeidstid må påreknast.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer deg som har høgare utdanning innan pedagogikk, rettleiing. Anna relevant erfaring og kompetanse kan kompensere for utdanning.

- Det er ønskjeleg med erfaring frå og motivasjon for arbeid med flyktningar
- Gode datakunnskapar
- Relevant praksis
- Rettleiingskompetanse
- Undervisningskompetanse
- Relasjonskompetanse
- Beherske norsk munnleg og skriftleg.
- Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevne
- Kjennskap til kartleggingsverktøy og evaluering
- Kan sette seg raskt inn i nødvendige digitale verktøy
- Førarkort klasse B
- Beherske engelsk og gjerne andre språk

Det er en fordel å ha god kjennskap til samfunnsliv, utdanningssystem, arbeidsliv, fleirkulturell forståing.

Personlege eigenskapar

- du må være fagleg engasjert
- Likar å ta ansvar
- Har evne til å motivere og tilretteleggje for læring og eigenmeistring
- Fleksibel
- Ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- Har godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø
- Det vert vektlagt at ein er personleg eigna

Du må ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og evne til å finne gode løysningar. Du må være tolerant og open for at andre har ein annleis forståing og måte å handtere kvardagen på. Det kan omfatte tema som religion, barneoppseding eller mattradisjonar. Dette krev ofte god kjennskap til eigne verdiar og normer.

Vi tilbyr

- Godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- Løn i høve gjeldande avtaleverk
- Tilsette med relevant fagkompetanse og som har mindre enn 4 års ansiennitet får godkjent 4 års
ansiennitet, begynnarløna vert med 4 års ansiennitet
- Kommunen er IA- bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- Pensjons- og forsikringsordningar i høve tariffavtale

Tilsetjingsvilkår

Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i
pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar. Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

Referansar

Oppgi referansar

Søknad

Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt
elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning. Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.

Søkjarlista kan bli offentleggjort.