• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    31.05.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4617486
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 12.05.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Programansvarleg 100% fast, innbyggjartorg/bibliotek, Service

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Øygarden kommune er Vestland sin nest største kommune med over 39 000 innbyggjarar. Vi er ein attraktiv og viktig kommune i bergensregionen med engasjerte innbyggjarar som kvar dag bidrar til å gjere sitt lokalsamfunn betre.  Innbyggjartorg og bibliotek er naturlege kulturelle aktivitetspunkt og kommunens fyrstelinje til tenestene. Innbyggjarane finn oss på Rong, i Skogsskiftet og Straume. Kommunesenteret på Straume er ein 15 minutt busstur frå Bergen.

No leitar vi etter deg som ynskjer ei sentral rolle i å planlegga, marknadsføra og gjennomføra vårt arrangementstilbod. Vi kan lova deg eit utfordrande og spanande arbeid i ein ny kommune med store ambisjonar. 150 000 utdelte covid-hurtigtestar på innbyggjartorga i 2021 er historie. No er målet 150 små og store årlege arrangement for innbyggjarane.

Bibliotektenesta og innbyggjartorg er organisert under felles leiing i stabsområdet service. Avdelinga består av høgt kvalifiserte tilsette innan bibliotek- og servicefag som gler seg til å styrka arbeidsplassen med nye tilsette.

Arbeidsoppgåver

  • Du vil ha ansvar for å utvikle, koordinere og gjennomføre både små og større arrangement.
  • Samarbeid og samskaping med lokalsamfunnet. I det vidare oppbygginga av tilbodet vårt blir det utstrakt samarbeid med frivillige lag og organisasjonar.
  • Marknadsføring av arrangementer mot ulike målgrupper.
  • Delta i dagleg drift. Kvelds- og helgevakter i felles vaktplan.

Kvalifikasjonar

  • Relevant master- eller bachelorgrad. Det kan til dømes vere innan bibliotek- og informasjonsfag, kommunikasjon og media, litteratur og kulturfag.  
  • Erfaring med formidling. Framifrå skriftleg og munnleg formuleringsevne.
  • Erfaring med planlegging, koordinering og gjennomføring av arrangement.
  • Kompetanse på digital og analog marknadsføring. 
  • God oversikt over kulturfeltet nasjonalt og regionalt.
  • Førarkort klasse B.

Personlege eigenskapar

Vi ynskjer ein kollega med godt humør, pågangsmot, kraft og initiativ som har evne til å tenka kreativt i utviklinga av arrangementstilbodet. Du har gode samarbeidsevner, er utadvent og allsidig. Du må vera komfortabel med å snakka i store forsamlingar.

 

 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    31.05.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4617486
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 12.05.2022