Company
XL-Bygg TverbergApplication deadline
15.11.2020Industry
Varehandel DetaljistEducational qualification
ØnskeligWork experience
ØnskeligAddress
5705, VOSS
VOSS
NorwayOther workplaces
VOSSNumber of positions
1Career-kode
3225166Look here for other jobs from XL-Bygg Tverberg
- Updated 16.10.2020
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
XL-Bygg Tverberg
PROFFSELJAR OG LAGERMEDARBEIDAR
Varehandel Detaljist
XL-BYGG er Skandinavia sin største byggevarekjede med 340 butikkar i Noreg, Sverige og Danmark. I Noreg er vi no over 90 butikkar, og vi blir stadig fleire. Vi er ein del av Mestergruppen AS som er eit av landets leiande byggekonsern med ein omsetnad på ca. 8 milliardar kroner. XL-BYGG Tverberg er eit komplett byggevarehus for både proff- og forbrukarkundar, og har alt kunden treng frå grunnmur til ferdig pipe. Me har bygda sine beste utstillingar av interiør og tyngre byggevarer.
Me søkjer etter
SELJAR FOR PROFFMARKNADEN (Proffseljar)
Grunna auka aktivitet og etterspurnad ønskjer me å forsterka salsapparatet vårt på Voss. XL-BYGG Tverberg er ein betydeleg aktør i den profesjonelle marknaden i vår region. Me ynskjer vidare utvikling og styrkjer dermed vårt lag for å vera bransjens tøffaste i åra som kjem. Du vil saman med dyktige kollegaer utvikla vår posisjon som den føretrekte leverandøren til tømrarar og entreprenørar i vår region. Du er ein relasjonsbyggjar som vert motivert av å lukkast.
Sentrale arbeidsoppgåver.
- Rådgjeving og sal av byggevare. Det er mange moglegheiter til å hjelpa kundane våre til ein betre kvardag. Om kunden er liten eller stor vil du vera ein nøkkelperson i dette arbeidet.
- Du vil hjelpa kundane våre med å finna rette løysingar i det enkelte prosjekt. Utarbeida tilbod, følgja opp ordrar og leveransar, og bidra til ein god logistikk.
Kvalifikasjonar
- Relevant sals- og/eller bransjeerfaring.
- Ynskjeleg med byggfagleg/teknisk innsikt eller -bakgrunn
- God erfaring med sal og relasjonsbygging
- Ryddig og strukturert
- Profesjonell og serviceinnstilt
Me søkjer etter
LAGERMEDARBEIDAR
Me søkjer no etter ein lagermedarbeidar som vil ha som primæroppgåve å driva med sal og logistikk av byggevarer. Me kan tilby læreplass som gjev fagbrev i sal og service eller trelastfaget.
Kvalifikasjonar:
- Meistrar god kundebehandling.
- Likar å ta ansvar.
- Kan arbeida sjølvstendig.
- Kan arbeida som del av eit team.
- Norskspråkleg munnleg og skriftleg.
Søkjarar med relevant utdanning eller erfaring frå byggebransjen vert føretrekte, men me oppmodar alle interesserte til å søkja!
Send søknaden din til post@tverberg.com
innan 15. november
Har du spørsmål om ein av stillingane, kontakt: Arnfinn Djukastein på tlf. 966 40 194, eller e-post arnfinn@tverberg.com
Company
XL-Bygg TverbergApplication deadline
15.11.2020Industry
Varehandel DetaljistEducational qualification
ØnskeligWork experience
ØnskeligAddress
5705, VOSS
VOSS
NorwayOther workplaces
VOSSNumber of positions
1Career-kode
3225166Look here for other jobs from XL-Bygg Tverberg
- Updated 16.10.2020