• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    28.02.2022
  • Sted:
    STRAUME
  • Stillingstype:
    Varierande arbeidstid
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    STRAUME
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4306323
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune

Privat avlastar - Helse og velferd

Øygarden kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Øygarden kommune har jamleg behov for deg som ønskjer å være timeavlastar og/eller helgeavlastar. Som avlastar gir ein den som yt omsorga naudsynt kvile, ferie og fritid.
Å være avlastar kan være gjevande arbeid, der du gjer avlastning til familiar som har familiemedlem med særskilt omsorgsbehov. Du må være over 18 år.
Som timeavlastar kan oppgåva være å ivareta tenestemottakar i eiga heim slik at familiemedlem kan til dømes utføre ærend utanfor heimen. Det kan også innebere å hente tenestemottakar og tilbringe tid saman utanfor heimen eller heime hos deg. Både vaksne og barn kan være mottakar av denne tenesta. Det kan være aktuelt med ekstra timar i ferier.

Som helgeavlastar har du barnet/ungdommen i din eiga heim til avtalte døgn per månad. Eksempelvis kvar 3 eller 4 helg. Det kan være aktuelt med ekstra døgn i ferier. Barnet/ungdommen blir som ein del av din familie, og heimen din blir ein ressurs for barnet/ungdommen. Oppgåva vil involvere alle som bor i husstanden. Det er difor viktig at heile husstanden er innstilt til at du tar på deg oppgåva som privat avlastar.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Avlastningsheimen skal gje det enkelte barn/ungdom den oppfølgingen barnet/ ungdommen har behov for under opphaldet, og bidra til ein meningsfull fritid

Kvalifikasjoner:

  • Som helgeavlastar må du må ha husrom for eit ekstra barn/ ungdom
  • Helst ha moglegheit for å binde deg for ein lengre periode slik at tilbodet blir stabilt over tid
  • Erfaring er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Du må kunne leggje fram tilfredsstillande politiattest
  • Du må har gode munnlege norskkunnskapar


Personlege eigenskapar:
Vi søkjer deg som

  • Er engasjert og tek initiativ til aktivitet
  • Har ei positiv innstilling og er løysningsorientert
  • Er tolmodig og har gode samarbeidsevner
  • Er stabil og trygg

Personlege eigenskapar tilleggas stor vekt

Vi tilbyr: 

  • Ein kontaktperson i kommunen som har ansvar for rettleiing og oppfølging. Rettleiing er viktig både for eigen trivsel og følelse av å meistre oppdraget, men også i forhold til kvalitet og forsvarlegheit i tilbodet til tenestemottakar
  • Timeavlastar: Løn kr 176,51 per time.
  • Helgeavlastar: løn med heimel i særavtale SGS 1030 – Avlastere
  • Det er mogleg å være privat avlastar i tillegg til anna 100% arbeid (jf. Forskrift om arbeidstid for avlastere)
 
  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    28.02.2022
  • Sted:
    STRAUME
  • Stillingstype:
    Varierande arbeidstid
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    STRAUME
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4306323
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune