• Bedrift
    Vestnes kommune
  • Søknadsfrist
    01.08.2022
  • Stillingsfunksjon:
    Heiltid/Deltid
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    6390, VESTNES
    VESTNES
    Norge
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4671260
  • Se her for andre jobber fra Vestnes kommune
Ledig stilling

Vestnes kommune

PP-rådgjevar

Offentlig forvaltning

Dette er vikariat med oppstart 01.09.2022 Vikariatet er inntil 1 år, med moglegheit for fast tilsetting.

PP-tenesta i Vestnes kommune
Pedagogisk-psykologisk teneste ligg i Ressurssenteret sentralt i kommunen.  PPT utgreier og gir råd om barnet og eleven sitt behov for spesialpedagogisk hjelp og spesialundervising i barnehage, grunnskule, og for vaksne i vaksenopplæring. PPT skal også bistå barnehagar og skular i arbeid med kompetanse- og organisasjonsutvikling. Kontoret består også av ei merkantilstilling, logoped, og utøvande spesialpedagog. PPT samarbeider tett med skulane og barnehage i kommunen, og det er også tett samarbeid med andre instansar i første- og andrelinjetenesta.

 

Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver er å utarbeide sakkunnige vurderingar og bistå skular i kommunen med kompetanseheving og organisasjonsutvikling. Vikariatet er i hovudsak knytt til grunnskule. Arbeidsoppgåvene kan bli justert dersom det skulle oppstå andre behov ved kontoret.

 

Stillinga ligg under ppt/ kommunalsjef for oppvekst.

Kvalifikasjonar

- relevant utdanningsbakgrunn - pedagogisk/psykologisk på masternivå, annan relevant utdanning frå    høgskule/universitet
- utgreiingskompetanse og erfaring frå PPT er ein fordel

- erfaring frå arbeid i skule og kjennskap til «skulekvardagen» er sterkt ønskeleg
- kunnskap om organisasjonsutvikling og pedagogisk analysearbeid
- trygg på bruk av digitale løysningar
- beherske norsk munnleg og skriftleg. God skriftleg framstillingsevne. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
- gode kommunikasjonsevner og evne til å rettleie andre

- krav om førarkort, og bør kunne disponere eigen bil
- det er ønskjeleg at den som blir tilsett har erfaring og kompetanse i fleirkulturell pedagogikk. I dette  ligg blant anna bruk av tolketenester og kompetanse i fleirspråkleg utvikling.

- gyldig politiattest iht. §10-9 i opplæringslova og § 19 i barnehagelova må leggast fram før tiltreding

 

Personlege eigenskapar
- er aktiv, engasjert og opptatt av inkludering og tilpassa opplæring
- har evne til å motivere, engasjere og rettleie lærarar og skuleleiing
- har godt humør, evne og vilje til å jobbe i eit dynamisk miljø i stadig utvikling
- er løysningsorientert og fleksibel
- har evne til å sjå og anerkjenne barn
- arbeider kunnskaps- og forskingsinformert (evidensbasert), samt er eit godt fagleg førebilete
- bidreg til god dialog med barn, føresette, tilsette og er ein positiv rollemodell
- har gode samarbeidsevner og vil bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø
- evne til å arbeide mykje sjølvstendig, men også samarbeide med andre
- personlege eigenskapar vil og bli vektlagt

Vi tilbyr
- godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- eit sterkt fagleg fellesskap med PP-rådgjevarar, logopedar, og utøvande spesialpedagog

- ein barnehagesektor og skulesektor med fokus på utvikling
- løn etter gjeldande avtaleverk
- tilsette med relevant fagkompetanse og som har mindre enn 4 års ansiennitet får godkjent 4 års ansiennitet, begynnarløna vert med 4 års ansiennitet
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale

Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot.
Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.

Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.

Aktuelle søkjarar vert innkalla til intervju.

Referansar
Oppgi referansar

Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.

Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.

Søkjarlista kan bli offentleggjort.

 

  • Bedrift
    Vestnes kommune
  • Søknadsfrist
    01.08.2022
  • Stillingsfunksjon:
    Heiltid/Deltid
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    6390, VESTNES
    VESTNES
    Norge
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4671260
  • Se her for andre jobber fra Vestnes kommune