• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    13.06.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Straume
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5214429
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 31.05.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

PP-rådgjevar 100% fast, PPT

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Pedagogisk psykologisk rådgjevar 100% fast – PPT

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 300 innbyggjarar og 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar.
Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Om avdelinga:

Det vert no lyst ut etter PP-rådgjevar i 100% fast stilling, frå 01.08.2023.

Stillinga er plassert i PP-tenesta, og vil ha ein sentral plass i tenesta sitt arbeid med rådgjeving til tilsette i barnehage/skule, samtaler med barn og unge, og sakkunnig utgreiingsarbeid. Vi legg vekt på å nytta den unike fagkompetansen til kvar enkelt medarbeidar. Satsingsområde og fagprofil er inkluderande pedagogikk og nyare utviklingspsykologi med fokus på relasjonar og samspel, førebygging, tidleg intervensjon og pedagogisk/psykologisk utviklingsarbeid.

Det tverrfaglege arbeidet vert tilrettelagt gjennom ulike samarbeidsorgan og team innan tenesta, og på tvers av tenester. BTI er eit viktig satsingsområde, saman med språkkommunen og Trygg i Fellesskap, TIF. Kontorarbeidsplassen er sentralt i Straumeområdet, og PPT er ute i einingar i heile kommunen. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Rettleiing til barnehage/skule/føresette
  • Utgreiing/sakkunnig vurdering
  • Kontaktansvar for einingar
  • Samarbeid internt og eksternt, deltaking i ulike team mm

 

Kvalifikasjonar: 

Må ha:

  • Utdanning, kompetanse og/eller erfaring innafor pedagogikk/spesialpedagogikk i grunnskolen.
  • Godkjent universitet/høgskuleutdanning i Norge.
  • God framstillingsevne på norsk, både skriftleg og kommunikativt. 
  • Kompetanse på utgreiing for born i grunnskulealder.
  • Kompetanse og/eller erfaring knytt til samansette lærevanskar.
  • Kompetanse i/eller erfaring med observasjon og rettleiing knytt til utviklingsarbeid i  grunnskulen.

Ønskjeleg med:

  • Det er ønskelig at søkar har erfaring frå PP-tenesta

 

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeidsevne
  • Evne til å arbeide fleksibelt, målretta og løysingsorientert
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne

 

Anna:

  • Søkjar må kunne bruka eigen bil i tenesta
  • Stillinga krev gyldig politiattest

 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Kontakt:

Kst. Leiar: Merete Nygård Ingebrigtsen, merete.ingebrigtsen@oygarden.kommune.no

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    13.06.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Straume
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5214429
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 31.05.2023