• Company
    Førde Kommune
  • Application deadline
    24.11.2019
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    2253093
  • Look here for other jobs from Førde Kommune
  • Updated 08.11.2019
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Førde Kommune

PP-rådgivarar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Frå 1. januar 2020  vert PP-tenesta ei eining i nye Sunnfjord kommune og vil få oppgåver for born og unge i alderen 0 - 16 år. PPT skal yte tenester til barnehagar og grunnskular i ein kommune med ca. 23 000 innbyggarar. Pedagogisk-psykologisk teneste er heimla i barnehagelova §19c, og i opplæringslova § 5-6.

Det er laga grunnlagsdokument for PPT, barnehagane og skulane sitt arbeid framover. Korleis PP-tenesta skal bemannast, arbeide og organiserast vert planlagt vidare når Sunnfjord kommune er etablert. Det er gode høve for å vere med å utforme tenestetilbodet i ei verksemd med mangesidige og spennande oppgåver.

Kontoret har for tida 15 årsverk, bemanna med psykologar, spesialpedagogar, sosionom, PMTO-terapeut, Pals-rettleiar, kontorpersonale og einingsleiar. Vi er organisert i førskule-, grunnskule-, og ungdomsteam, og legg vekt på å ha eit positivt og støttande arbeidsmiljø. Eininga har ei god blanding av eldre og yngre tilsette med spesialiserte utdanningar. Mange har lang og brei erfaring, og har vore i eininga i mange år.

Eininga held for tida til i Førde rådhus.

Vi har følgande stillingar ledig:
  • pp-rådgivar i 100 % fast stilling
  • pp-rådgivar i 100 % mellombels stilling. Kan bli fast stilling.
Arbeidsoppgåver:
  • systemretta og individretta arbeid i samsvar med mål for tenesta
  • sakkunnig arbeid etter barnehage- og opplæringslova
  • konsultasjon, rettleiing og rådgiving til barnehagar og skular
  • observasjon, kartlegging og utgreiing av born og unge
  • samarbeid med føresette, barnehagar, skular og hjelpeapparat
  • utvikling- og endringsarbeid i barnehagar og skular
Kvalifikasjonar:
  • master eller hovedfag i spesialpedagogikk, eller relevant utdanning innanfor sentrale fagområder i tenesta
  • praksis frå arbeid med barn og unge i barnehage, skule, PP-teneste eller tilsvarande instansar
  • relevant test-, utgreiings- og rådgivingskompetanse
Ved tilsetting legg vi vekt på:
  • at du dekker sentrale oppgåver for PP-tenesta
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og evne til fleksibilitet
  • evne til å motivere og arbeide målretta, strukturert og effektivt
  • at ein må kunne arbeide i team, og samtidig vere sjølvstendig og målretta
  • at ein har god norsk språkføring, både munnleg og skriftleg

Politiattest må leverast før start i stilling.

 

Velkomen som søkar!

 

  • Company
    Førde Kommune
  • Application deadline
    24.11.2019
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    2253093
  • Look here for other jobs from Førde Kommune
  • Updated 08.11.2019