Ledig stilling

Vaksdal kommune

Politisk sekretariat

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vaksdal kommune søkjer samfunnsinteressert person, gjerne statsviter eller jurist, til spanande 100% fast stilling som politisk sekretariat.

Politisk sekretariat skal tilrettelegge og koordinere arbeidet i politiske styringsorgan og for den politiske leiinga i kommunen. Stillinga rapporterer til kommunedirektør.

Arbeidsstad

Heradshuset på Dale

Sentrale arbeidsoppgåver er

  • Funksjon for kommunestyret, formannskapet og andre politiske styrer og utval
  • Støtte til ordførar
  • Løpande kontakt med ordførar og kommunedirektør
  • Rådgjeving, opplæring og informasjon til dei folkevalde
  • Systemansvar for digitale system og digitale politikarverktøy
  • Informasjon og kommunikasjon om politiske saker til media og innbyggjarar
  • Forvaltning av ulike reglement knytt til folkevalgte organ og folkevalgte sine arbeidsvilkår
  • Planleggje og gjennomføre val og folkerøystingar
  • Kvalitetssikring av politiske saker, prosedyrer og rutiner
  • Saksbehandling, servicefunksjoner, arkiv og innsynsbehandling

Ynskja kompetanse er

  • Relevant utdanning frå høgskule/universitet
  • Erfaring frå liknande arbeidsområde 
  • Kjennskap til lover og forskrifter
  • God digital kompetanse
  • God skriftleg og munnleg formuleringsevne

Vi søkjer deg som

  • Likar sjølvstendig arbeid, trivst med høgt tempo og har god arbeidskapasitet
  • Kommuniserer og samarbeider godt
  • Har forståing og teft for politisk styring og rollefordelinga mellom politikk og administrasjon

Personlege eigenskapar vert sterkt vektlagt.
Arbeidet vil omfatte nært samarbeid med ordfører, kommunedirektør og folkevalgte.
Det må påreknast ein del arbeid utover ordninær arbeidstid i samband med møter og liknande.

Vaksdal kommune kan tilby

  • Spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver
  • Fagleg og personleg utvikling, med høve til å påverke eigen arbeidskvardag
  • Kompetente medarbeidarar og eit levande og inkluderande arbeidsmiljø
  • Løn etter avtale. Fleksitidsordning. 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Slik søkjer du

Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar.
Har du søkt på stilling i Vaksdal via EasyCruit før er brukarnamn ofte e-posten du brukte.
Treng du hjelp, kan du venda deg til HR-rådgjevar: på e-post tiril.h.langhelle@vaksdal.kommune.no eller tlf 955 27 504