Detaljer

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    14.03.2021
  • Sted:
    Leikanger
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    Vestland
  • Arbeidssted:
    Leikanger
  • Land:
    NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3483052
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune

Politisk sekretær

Stillinga ligg til eininga administrasjon og innovasjon, i avdelinga for innbyggjartenester. Politisk sekretær skal ha oversikt over alle saker som skal til politisk handsaming, utarbeide sakslister og protokoller, formidle politiske vedtak og leggje til rette for papirlaus saksflyt mellom dei enkelte einingane. Den tilsette vil jobbe tett med rådmann og leiing - og med ordførar/politisk leiing.

 

Arbeidsoppgåver:

· Praktisk tilrettelegging av møta i formannskapet, kommunestyret og andre råd/utval

· Møtesekretær i formannskapet, kommunestyret og andre råd/utval

· Leiar av faggruppa for sekertariatsfunksjonar for råd og utval

· Sakshandsaming

· Rekneskapsarbeid

· Andre kontorstøtteopgåver

 

Kvalifikasjonar:

· Relevant utdanning - Fortrinnsvis relevant høgskule- eller universitetsutdanning på minimum bachelorgradsnivå.

· Erfaring innan offentlig administrasjon - sakshandsamingskompetanse.

· Gode datakunnskapar og god systemforståing

· God norsk framstillingsevne, munnleg og skriftleg

· Evne til å takle hektiske periodar med stor arbeidsmengde

· Gode samarbeidsevner og serviceinnstilt

 

Personlege eigenskapar:

Den politiske sekretæren må :

· like utfordringar

· vere resultatorientert og målretta

· evne til å arbeide sjølvstendig, men på same tid ha gode samarbeidsevner

· vere positiv og engasjert

· arbeide nøyaktig, strukturert og effektivt

· ha særs gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg

· bidra til eit godt arbeidsmijlø

· ha dei personlege eigenskapar som vert krevd i ei slik stilling

· skille politikk og administrasjon, høge krav til integritet

· analytisk (sakshandsaming)

· vere tydeleg

 

Me tilbyr:

· Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.

· Gode pensjons- og forsikringsordningar

· Gode velferdsordningar

· Løn etter avtale

 

Vi ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.