• Företag
    Tersan Havyard
  • Ansökningstiden
    Så snart som möjligt
  • Arbetsfunktion
    Industrimekanikar
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Skipsbyggerier og -verft
  • Utbildningskrav
    Fag- / Svennebrev
  • Arbetserfsrenhet
    Kjennskap / erfaring frå maritimbransje, eller samanliknbar industri, vil vere ein fordel
  • Önskat språk
    Engelsk, Norsk
  • Adress
    6953, LEIRVIK I SOGN
    HYLLESTAD
    Norge
  • Antal befattningar
    5
  • Karriere-kod
    6381258
  • Se här för andra jobb från Tersan Havyard
  • Uppdaterad 14.01.2026
Ledigt jobb

Tersan Havyard

Vil du vere med og byggje framtidas skip?

Industrimekanikar – Tersan Havyard

Skipsbyggerier og -verft

Tersan Havyard er eit moderne skipsverft med røter tilbake over 100 år. Frå vår strategiske plassering ytst i Sognefjorden leverer vi nybygg, ombygging, service og vedlikehald av avanserte fartøy til kundar i inn- og utland. Med høg teknisk kompetanse og moderne fasilitetar skaper vi løysingar som står for kvalitet, sikkerheit og driftstryggleik.

Vi har ei sterk og aukande prosjektportefølje, og søkjer no fleire dyktige industrimekanikarar til maskinavdelinga vår ved verftet i Leirvik. Hos oss får du arbeide med store, komplekse skipsinstallasjonar i eit sterkt fagmiljø der kompetanse og samarbeid står i sentrum.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Montering, justering og vedlikehald av mekaniske system og utstyr om bord på skip
  • Installering av motorar, pumper, gir og anna maskineri
  • Tilpassing og maskinering av delar ved behov
  • Feilsøking, reparasjon og testing av mekaniske komponentar
  • Bidra til kvalitetssikring og avviksrapportering
  • Samarbeid med andre faggrupper i prosjektgjennomføring

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev som industrimekanikar, mekanikar eller tilsvarande – relevant erfaring kan kompensere
  • Erfaring frå skipsbygging, industri, offshore eller verkstad er ein fordel
  • Evne til å lese og forstå tekniske teikningar og arbeidsteikningar
  • Kjennskap til maskineringsverktøy og måleverktøy
  • Fokus på HMS og kvalitet i arbeidet

Personlege eigenskapar:

  • Strukturert, løysingsorientert og praktisk anlagt
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og ta initiativ
  • Gode samarbeidsevner og bidrar positivt i team
  • Fleksibel og tilpasningsdyktig

Vi tilbyr:

  • Spennande og varierte prosjekt i maritim industri
  • Moderne fasilitetar og eit solid fagmiljø med høg kompetanse
  • Moglegheiter for fagleg utvikling og vidare sertifisering
  • Konkurransedyktige vilkår og gode arbeidsforhold

Arbeidsstad: Leirvik i Hyllestad

Stillinga rapporterer til: Teamleiar Maskin

For meir informasjon om stillinga ta kontakt med Teamleiar Maskin; 

Sigbjørn Skogly 469 29 543

Passar ikkje denne stillinga for deg, men du har likevel lyst å bli ein del av Tersan Havyard? Vi er alltid på jakt etter ny og spanande kompetanse, også dei med litt utradisjonell bakgrunn for bransjen vår. Send oss gjerne ein open søknad!

Les meir om Tersan Havyard her

Nysgjerrig på å bu og jobbe i Hyllestad? ta ein titt her

 

  • Företag
    Tersan Havyard
  • Ansökningstiden
    Så snart som möjligt
  • Arbetsfunktion
    Industrimekanikar
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Skipsbyggerier og -verft
  • Utbildningskrav
    Fag- / Svennebrev
  • Arbetserfsrenhet
    Kjennskap / erfaring frå maritimbransje, eller samanliknbar industri, vil vere ein fordel
  • Önskat språk
    Engelsk, Norsk
  • Adress
    6953, LEIRVIK I SOGN
    HYLLESTAD
    Norge
  • Antal befattningar
    5
  • Karriere-kod
    6381258
  • Se här för andra jobb från Tersan Havyard
  • Uppdaterad 14.01.2026