• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    03.07.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Varierande arbeidstid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Skogsvåg
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4653871
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 18.06.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Personleg assistent (BPA) 49 % vikariat- Heimetenesta sone Sør

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Brukarstyrt personleg assistent (BPA) er ei teneste under Helse og velferd. Tenesta vert tildelt innbyggjar med store samansatte hjelpebehov. Tenestemottakar er arbeidsleiar, Øygarden kommune har det overordna ansvaret for ordninga. Assistenten arbeider ofte i heimen til arbeidsleiar, men yt elles og hjelpa der tenestemottakar måtte opphalde seg både i jobb/skule samanheng og på fritida.

 

Vi søkjer no etter ein brukarstyrt personleg assistent (BPA) for ei 16 år gamal jente, stillinga er 3 dagar i veka og annankvar laurdag. Er fleksibel på dagar og tidspunkt. Stillinga er ledig frå snarast og ut mars 2023.

Hei vil du vere assistenten min?
Eg er ei aktiv og sosial jente på 16 år som brukar rullestol. På dagtid går eg på skule. Mine interesser er blant anna å vere saman med venner, sosiale aktiviterar og trening. Eg er sjølvstendig og har godt humør. Dagane saman med meg er varierte, nokre dagar treng eg mykje kvile, andre dagar er eg på farta. Di oppgåve som personleg assistent vil vere å assistere meg med praktisk og personleg assistanse i kvardagen – både i og utanfor heimen. Oppgåver vil blant anna vere å bli med meg på sosiale aktivitetar, trening, matlaging, lekser, reiser, husarbeid og heime.

Eigenskapar vi ser etter er:

  • Du som søkjer må vere pliktoppfyllande, serviceinnstilt, tålmodig og positiv
  • Du må vere omsorgsfull og trygg i rolla di
  • Det er ein fordel at du er i god fysisk form
  • Førarkort klasse B er eit krav
  • Du er sjølvgåande og tar initiativ
  • Kvinner føretrekkes grunna arbeidets art
  • Erfaring er ikkje eit krav då opplæring vil bli gitt

 

Vi tilbyr:

 

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling


 

Kontakt: Einingsleiar Kate S Løland på telefon 950 71 121

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    03.07.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Varierande arbeidstid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Skogsvåg
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4653871
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 18.06.2022