Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
09.02.2022Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4356240Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 26.01.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Øygarden kommune
Personalrådgjevar 100% fast - Personal- og organisasjonsutvikling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Stabseininga Personal- og organisasjonsutvikling har overordna ansvar for utvikling av arbeidsgjevarstrategi og personalpolitikken til Øygarden kommune, og skal vere pådrivar for god personal- og organisasjonsutvikling. Vi har ansvar for å utarbeide og implementere overordna styrande dokument, og sørge for at dette vert etterlevd i organisasjonen. Ein av våre viktigaste oppgåver er å gje støtte og rådgjeving til leiarane i dei andre tenesteområdene i kommunen. Stabseininga har 12 årsverk og består av leiar, rådgjevarar og konsulentar. I påvente av innflytting i rådhuset på Straume, er vi kontorplassert i Skogsvåg.
Vi har ledig 100% fast stilling som personalrådgjevar med oppstart frå snarast.
Arbeidsoppgåver:
Som personalrådgjevar vil du ha arbeidsoppgåver knytt til den daglege drifta, men og ha meir spesialtilpassa, utviklingsorienterte oppgåver. Kvar rådgjevar i eininga har særskilt ansvar knytt til ulike fagområde/ prosessar.
- Rådgjeving, støtte og rettleiing innan HR
- IA- og sjukefråværsarbeid
- Omstillings- og endringsarbeid
- Bistå leiarar i rekrutteringsprosessar
- Operativt personalarbeid
- Gje leiarstøtte i personalsakar
- Gje leiarstøtte i konflikhandtering
- Utredningsarbeid
- Leie eller bidra i implementerings- og utviklingsprosessar
Kvalifikasjonar:
Må ha:
- Høgare akademisk utdanning eksempelvis innan HR og personalleiing, arbeids- og organisasjonspsykologi eller juss.
- Solid og relevant erfaring innan personal/ HR - arbeid
Ønskjeleg med:
- Erfaring frå offentleg forvaltning
- Kunnskap om lov- og avtaleverk for kommunesektoren
- Interesse for, og kunnskap om, digitale verktøy
Personlege eigenskapar:
- Sjølvgåande, proaktiv og analytisk
- Strukturert og stor arbeidskapasitet
- Høg gjennomføringsevne
- Imøtekommande og fleksibel
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevne
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA verksemd
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
09.02.2022Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4356240Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 26.01.2022