• Company
    Vang kommune
  • Application deadline
    03.02.2022
  • Position function
    Rådgiver
  • Form of employment
    workTime.Vikariat
  • Industry
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Educational qualification
    Bachelor
  • Work experience
    Ønskelig
  • Desired language
    norsk
  • Address
    2975, VANG I VALDRES
    VANG
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4328898
  • Look here for other jobs from Vang kommune
  • Updated 14.01.2022
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Vang kommune

Personalrådgjevar - 100 % årsvikariat

Offentlige tjenester og forvaltning

Vang kommune har ledig 100 % årsvikariat som personalrådgjevar frå ca april 22. Vi søkjer ein person som er relasjonsorientert, positiv og strukturert. 

Stillinga er ein del av kommunedirektøren sin stab, med stabssjef som næraste leiar. Som personalrådgjevar i Vang kommune arbeidar du tett saman med leiarar, tillitsvalde og medarbeidarar i alle aspekt av personalforvaltninga. Stillinga er allsidig, med både rutineoppgåver og meir komplekse arbeidsoppgåver, noko som gir deg ein svært variert arbeidskvardag med stor grad av sjølvstende. Personalrådgjevar er med i regionalt personalleiarforum for kommunane i Valdres. Kommunen brukar blant anna Visma Enterprise HRM, Webcruiter og Acos Websak. Vang kommune nyttar nynorsk som målform.

Arbeidsoppgåver

  • Sakshandsaming innan personalområdet
  • Rådgjeving innan personalområdet
  • Rekruttering og tilsetjing (sakshandsaming/rådgjeving)
  • Tett dialog og samarbeid med leiarar og tillitsvalde
  • Tariffoppgjer og forhandlingar, medlem i forhandlingsutvalet
  • HMS- og IA-arbeid 
  • Internkontroll, mellom anna oppdatering av relevante dokument
  • Utviklingsarbeid 
  • Systemadministrator for mellom anna internkontroll og rekrutteringsprogram mm

Kvalifikasjonar

  • Relevant bachelorutdanning frå høgskule- eller universitet. Lang relevant tenesteerfaring kan
    kompensere for manglande formalkompetanse
  • Fortrinnsvis relevant praksis
  • God kjennskap til lov- og avtaleverk for kommunal sektor 
  • Gode IKT-kunnskapar og interesse for bruk av data som verktøy
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne, og gode norskkunnskapar

    Personlege eigenskapar

    • God evne til samarbeid og sjølvstendig arbeid
    • Fleksibel, positiv og løysingsorientert
    • Stukturert, god gjennomføringsevne og god arbeidskapasitet
    • Relasjonsorientert og god til å kommunisere med både leiarar, medarbeidarar og tillitsvalde

    Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetting

    Vi tilbyr

    Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø, løn etter avtale, god forsikrings- og pensjonsordning, fleksibel
    arbeidstid og hjelp til å skaffe bustad. 

    Tilsetting skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.

    For informasjon om kommunen, organisering og tenestar, sjå www.vang.kommune.no   For meir informasjon om livet i Vang kommune, sjå www.vangivaldres.no

    Søknadsfrist 2. februar 2022

    Kontaktinformasjon

    Ole Martin Alfstad, stabssjef, tlf. 613 69 400, e-post: Ole.Martin.Alfstad@vang.kommune.no

     

    • Company
      Vang kommune
    • Application deadline
      03.02.2022
    • Position function
      Rådgiver
    • Form of employment
      workTime.Vikariat
    • Industry
      Offentlige tjenester og forvaltning
    • Educational qualification
      Bachelor
    • Work experience
      Ønskelig
    • Desired language
      norsk
    • Address
      2975, VANG I VALDRES
      VANG
      Norway
    • Number of positions
      1
    • Career-kode
      4328898
    • Look here for other jobs from Vang kommune
    • Updated 14.01.2022