• Bedrift
    Kystverket
  • Søknadsfrist
    15.08.2021
  • Sted:
    ÅLESUND
  • Stillingstype:
    Heltid
  • Bransje:
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    MØRE OG ROMSDAL
  • Arbeidssted:
    ÅLESUND
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3981374
  • Se her for andre jobber fra Kystverket

Personalmedarbeidar  - mannskapsseksjonen

Kystverket

Offentlige tjenester og forvaltning

Kystverket utviklar transportsystem til sjøs som er sikre, fremmar verdiskaping og bidreg til omstilling til lavutsleppssamfunnet. Det er sett ambisiøse mål innan framkome, transportsikkerheit og innan klima/miljø. Konkurranseevna til sjøtransporten, utnytting av ny teknologi, samt organisasjonsutvikling, er viktige utfordringar for å kunne møte morgondagens krav. Kystverket har brei samhandlingsflate innan samferdsel, mot andre samfunnsaktørar, og har internasjonalt samarbeid både med nasjonar og organisasjonar for å standardisere, effektivisere og trygge sjøfarten.

Kystverket sine operative arbeidslag på fartøy og vedlikehaldslag sørger for nybygging, drift og vedlikehald av sjøvegen langs heile norskekysten. Vi søker ein engasjert og dyktig personalmedarbeidar til mannskapsseksjonen til eit mangfald av oppgåver for å ivareta og utvikle våre operative mannskap. Vi har omlag 180 dyktige fagfolk som arbeidar ute på fartøy og vedlikehaldslag. Vi er lærebedrift for lærlingar og kadettar.

Kvalifikasjoner:

  • Høgare utdanning frå høgskule eller tilsvarande. Relevante fagretningar vil vere personaladministrasjon, organisasjonsfag, arbeidsrett eller økonomiske fag
  • Erfaring frå personalarbeid
  • Innsikt i kvalifikasjonar til maritime yrke, bygg- og handverksfag er ein fordel
  • Kjennskap til arbeidstidsordningar er ønskeleg
  • Interesse for å arbeide med menneske, samt innsikt i samansetting av gode team er ein fordel
  • Kjennskap til lov- og avtaleverk innan personalområda i offentleg sektor generelt, og maritime yrker spesielt vil vere ein fordel
  • Gode brukarferdigheiter, forståing og erfaring med IKT-verktøy og personal- og økonomisystem. Vi bruker m.a. GAT 

Personlige egenskaper:

  • Stor personleg integritet
  • Gode evner til kommunikasjon og samarbeid
  • Positiv innstilling
  • Løysings- og utviklingsorientert
  • Strukturert og nøyaktig

Vi legg til grunn at du er framtidsretta, engasjert og påliteleg - som er Kystverket sine verdiar.

Vi tilbyr:

  • Eit triveleg kollegialt fellesskap i moderne, gode lokaler i ein framtidsretta og spennande etat
  • Allsidige oppgåver, faglege utfordringar og utviklingsmoglegheiter
  • God pensjonsordning i Statens pensjonskasse, som også inneber yrkesskade- og gruppelivsforsikring og bankordning til eigen bustad
  • Stillinga er plassert i stillingskode 1434 rådgivar. Lønn frå kr 475 800  (ltr 52) til kr 543 500 (ltr 60), avhengig av kvalifikasjonar
  • Ferieheimsordning på nokre av fyra til Kystverket
  • Arbeidsstad er for tida i Ålesund


Anna

Mannskapsseksjonen er ein del av avdelinga for reiarlag, fyr og sjømerking, som inngår i verksemdsområdet transport, hamn og farlei.

Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Derfor ønsker vi medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det. Får vi kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi innkalle minst ein søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar innanfor desse gruppene, må søkarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.
Søkarar som oppfyller krava og ønsker å bli vurdert på spesielt grunnlag, må krysse av for dette i jobbportalen Webcruiter. Avkrysningane i jobbsøkarportalen vil også danne grunnlag for ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterar om i sine årsrapportar.

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Søkarar vil i så fall bli varsla om det.

 

 
  • Bedrift
    Kystverket
  • Søknadsfrist
    15.08.2021
  • Sted:
    ÅLESUND
  • Stillingstype:
    Heltid
  • Bransje:
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    MØRE OG ROMSDAL
  • Arbeidssted:
    ÅLESUND
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3981374
  • Se her for andre jobber fra Kystverket