• Bedrift
    Kystverket
  • Søknadsfrist
    13.04.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6002, ÅLESUND
    ÅLESUND
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3669570
  • Se her for andre jobber fra Kystverket
  • Oppdatert 30.03.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Kystverket

Personalmedarbeidar

Offentlige tjenester og forvaltning

Kystverket utviklar transportsystem til sjøs som er sikre, fremmar verdiskaping og bidreg til omstilling til lavutsleppssamfunnet. Det er sett ambisiøse mål innan framkome, transportsikkerheit og innan klima/miljø. Konkurranseevna til sjøtransporten, utnytting av ny teknologi, samt organisasjonsutvikling, er viktige utfordringar for å kunne møte morgondagens krav. Kystverket har brei samhandlingsflate innan samferdsel, mot andre samfunnsaktørar, og har internasjonalt samarbeid både med nasjonar og organisasjonar for å standardisere, effektivisere og trygge sjøfarten.

Kystverket er frå 1.1.2021 funksjonsorganisert med fire verksemdsområder, der eit av desse er navigasjonsteknologi og maritime tenester. Hovudfunksjonen og ansvaret for dette verksemdsområdet er å forvalte, utvikle og drifte den "digitale" infrastrukturen, drive overvaking/styre sjøtrafikken og utøve losmynde. Direktøren for verksemdsområdet med stab er lokalisert i Ålesund, medan tre avdelingar og fem sjøtrafikkavdelingar er geografisk spreidd. 

I verksemdsområdet sin stab i Ålesund er det no ledig stilling som personalmedarbeidar.

Kvalifikasjoner:

  • Minimum treårig høgare utdanning innanfor relevant fagretning
  • Arbeidserfaring innanfor fagområdet
  • Erfaring frå arbeid med stor grad av sjølvstende
  • Gode datakunnskaper og kjennskap til relevante system er ein fordel
  • Gode skriftlege og munnlege ferdigheiter
  • Ved omfattande og relevant erfaring innanfor fagområdet kan utdanningskravet reduserast

Personlige egenskaper:

Vi ser etter ein framtidsretta, engasjert og påliteleg medarbeidar som likar å ta ansvar. Du må ha gode samarbeidsevner og ha evne til å arbeide i team, men minst like viktig er det at du er sjølvgåande og proaktiv.

Vi tilbyr:

  • Konkurransedyktege vilkår 
  • Eit godt og dynamisk arbeidsmiljø, høgt tempo og korte styringsliner. 
  • Fine kontorfasiliteter på Skansekaia med eit stort og kompetent arbeidsmiljø  
  • Ei utfordrande og variert stilling med stadig nye utfordringar. Verksemdsområdet er desentralisert med avdelingar fleire plassar i landet, så noko reiseverksemd må påreknast
  • Gunstige vilkår i Statens pensjonskasse
  • Stillinga er plassert i stillingskode 1434 rådgjevar eller 1364 seniorrådgjevar. Stillinga lønast frå kr 545 300 (ltr 61) til kr 658 300 (ltr 71), avhengig av kvalifikasjonar
  • Ferieheimsordning ved nokre av fyra til Kystverket

Arbeidsstad er for tida Ålesund 

Kystverket skal vere prega av mangfald og våre tilsette skal spegle befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke arbeid hos oss.

 

  • Bedrift
    Kystverket
  • Søknadsfrist
    13.04.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6002, ÅLESUND
    ÅLESUND
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3669570
  • Se her for andre jobber fra Kystverket
  • Oppdatert 30.03.2021