Bedrift
Hemsedal KommuneSøknadsfrist
09.02.2026Bransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3560, HEMSEDAL
HEMSEDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6498235Se her for andre jobber fra Hemsedal Kommune
Hemsedal Kommune
Pedagogstillingar ved Hemsedal barnehagar hausten 2026
Offentlig forvaltning
Barnehagane i Hemsedal har for barnehageåret 2026-2027 ledig eit uspesifisert tal stillingar. Utlysinga gjeld vikariat og faste stillingar i Tuv og Ulsåk barnehage som kan verta ledig frå 01.08.26.
Barnehagane
Ulsåk barnehage har per no 5 avdelingar, og vil frå hausten være i ombyggingsprosess. Tuv barnehage har 4 avdelingar. Barnehagane ligg nært fine naturområde, og har gode turmogelegheiter. Barnehagane og skulen i Hemsedal jobbar med Kompetanseløftet, med hovudvekt på leik og eit trygt og godt barnehagemiljø. Barnehagane har mannlege tilsette, og Hallingdal har egen MiB- gruppe for menn i barnehagen. MIB er et uformelt nettverk av og for menn/guter som jobbar i barnehage, eller utdannar seg for å jobbe i barnehage.
Krav til kompetanse
Det er eit krav om barnehagelærarutdanning. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi søkjer etter deg som
- er fagleg engasjert med fokus på kvalitet
- møter barn og føresette på ein open og respektfull måte
- har gode samarbeidsevner og evne til å ta ansvar
- er fleksibel og sjølvstendig
- medverkar til eit positivt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt
- har gode norskkunnskapar og beherskar språket
Vi legg vekt på å vere ein lærande organisasjon, der tilsette kan delta i rettleiande team og vere løysingsorienterte og reflekterte.
Vi tilbyr:
- fokus på utvikling av fagleg kvalitet og godt miljø
- eit aktivt friluftsliv og nærleik til natur
- god oppfølging og rettleiing av nytilsette
- løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
Krav til helse- og vandelsdokumentasjon
Ved tilsetjing er det krav om politiattest og eigenmelding om Tuberkulose jf. Opplæringslova og Helse- og omsorgstenestelova. Du kan også bli pålagt å ta tuberkulose prøve om du har vore utsett for smitterisiko.
Krav til kompetansedokumentasjon
Det er krav om dokumentasjon og vitnemål frå tidlegare arbeidserfaring og utdanning for riktig innplassering i stillingskode, og fastsetting av lønn. Lønnsansiennitet blir satt til 0 år inntil dokumentasjon er levert og vurdert. Vitnemål og attester skal lastast opp som ein del av den elektroniske søknaden. Referansar vil bli innhenta.
Kontaktpersonar
Trude Taaje, Styrar Ulsåk barnehage, 46811942, trude.taaje@hemsedal.kommune.no,
Monika Randar, Styrar Tuv barnehage, 91567660, monika.randar@hemsedal.kommune.no
Bedrift
Hemsedal KommuneSøknadsfrist
09.02.2026Bransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3560, HEMSEDAL
HEMSEDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6498235Se her for andre jobber fra Hemsedal Kommune