Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Hemsedal Kommune

Pedagogstillingar ved Hemsedal barnehagar hausten 2024

Offentlig forvaltning

Barnehagane i Hemsedal har for barnehageåret 2024/25 ledig eit uspesifisert tal stillingar.
Utlysinga gjeld vikariat og faste stillingar som kan verta ledig frå 01.08.24

Ulsåk barnehage har 6 avdelingar og Tuv barnehage har 4 avdelingar. Barnehagane ligg i nærleiken til fine naturområdet, og har gode turmogelegheiter. 
Barnehagane og skulen i Hemsedal jobbar med kompetanseløftet, med hovudvekt på leik.

Krav til kompetanse
Det er eit krav om barnehagelærarutdanning.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi søkjer etter deg som:

  • er fagleg engasjert med fokus på kvalitet
  • møter barn og føresette på ein open og respektfull måte
  • har gode samarbeidsevner og evne til å ta ansvar
  • er fleksibel og sjølvstendig
  • medverkar til eit positivt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt
  • har gode norskkunnskapar og beherskar språket

Vi legg vekt på å vere ein lærande organisasjon, der tilsette kan delta i rettleiande team og vere løysingsorienterte og reflekterte.

Vi kan tilby:

  • fokus på utvikling av fagleg kvalitet og godt miljø
  • eit aktivt friluftsliv og nærleik til natur
  • god oppfølging og rettleiing av nytilsette
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk 

Krav til dokumentasjon
Ved tilsetting er det krav om politiattest og eigenmelding om Tuberkulose jf. Opplæringslova og Helse- og omsorgstenestelova.  

Det er krav om dokumentasjon og vitnemål frå tidlegare arbeidserfaring og utdanning for riktig innplassering i stillingskode, og fastsetting av løn. Lønsansiennitet blir satt til 0 år inntil dokumentasjon er levert og vurdert.  

Kontaktpersonar
Trude Taaje, Styrar Ulsåk barnehage, 46811942, trude.taaje@hemsedal.kommune.no,
Monika Randar, Styrar Tuv barnehage, 91567660, monika.randar@hemsedal.kommune.no

Elektronisk søknadsprosess 
Søknad sendes elektronisk, og vitnemål og attestar skal lastas opp som ein del av søknaden.
Referansar vil bli innhenta.