• Company
    Aukra kommune
  • Application deadline
    30.10.2024
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5916966
  • Look here for other jobs from Aukra kommune
  • Updated 11.10.2024
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Aukra kommune

Pedagogiske leiarar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi har ledig to faste stillingar som pedagogisk leiarar i Aukrabarnehagen

  • Ei 100% stilling ved Barnebo barnehage på Gossen
  • Ei 100% stilling ved Bergetippen barnehage i Julsundet

 

Barnebo barnehage på Gossen. Det tek omlag 30 minutt frå Molde sentrum til barnehagen, inkludert gratis ferje. Har 8 avdelingar.

Bergetippen barnehage i Julsundet omlag 20 minutt frå Molde sentrum. Har 5 avdelingar.

Aukrabarnehagen består av Barnebo barnehage på Gossen og Bergetippen barnehage i Julsundet. Vi har eit tett og godt samarbeid. Vi legg vekt på å ha eit godt og solid fagmiljø med kompetente medarbeidarar. Vårt mål er å ha 60% med barnehagelærarar. Begge barnehagane er matpakkefrie. Våre kokkar lagar god og næringsrik mat til alle måltid.

Våre medarbeidarar har god kjennskap til trygghetssirkelen og tilknytingsteori. Vi vil ha autoritative vaksne som bygger gode, varme relasjonar med barn samtidig som ein sett grenser og stiller krav. Vi vektlegg Ingrid Lund sin  trapp med fokus på haldningar, kunnskap og handlingar i arbeidet for eit trygt, godt og inkluderande fellesskap for barn og tilsette. I Aukrabarnehagen lar vi oss også inspirere av Reggio Emilia-filosofien sitt syn på barn og læring. Den pedagogiske tanken er å la barnas idear, interesser, tankar og nysgjerrigheit vise veg for læring.

 

Arbeidsoppgåver for pedagogisk leiar :

“ Pedagogisk leder har et helhetlig ansvar for planlegging og vurdering, daglig omsorg for det enkelte barnet, for utviklingen av det sosiale miljøet og lærings- og danningsmiljøet i barnegruppen og for samarbeidet med barnas foreldre og et veiledningsansvar overfor det øvrige personalet. I samarbeid med barnehagestyrer vil en pedagogisk leder ha oppgaver som inngår som del i arbeidet med å utvikle barnehagen som pedagogisk virksomhet og barnehagens samarbeid med andre tjenester.” (Veileder til forskrift om pedagogisk bemanning, Udir.no)

Vere ein inkluderande leier som organiserer arbeidet på avdelinga.

Skape eit inkluderande, kreativt og lærerikt leikemiljø for barn.

Godt samarbeid med foreldre / føresette.

Godt samarbeid med andre avdelingar og andre faginstansar.

Rettleiingsoppgåve for personalet på avdelinga for fagleg utvikling.

Bidra i arbeidet med å vidareutvikle barnehagen som ein robust pedagogisk verksemd.

 

Krav til søkar

Pedagogisk leiar må ha utdanning som barnehagelærar. Likeverdig med barnehagelærarutdanning er anna treårig pedagogisk utdanning på høgskolenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk. Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar.

 

Språk:

Må kunne norsk godt munnleg og skrifteleg.  Søkjarar som ikkje har norsk som førstespråk, sjå Lov om barnehagar § 27. Krav om norskferdigheter for å bli ansatt i barnehage

  

Vi tilbyr

Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø. 

Kommunale vilkår for tilsetting.

Løn etter tariff. Funksjonstillegg som pedagogisk leiar er kr 39 000.

Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Høve til å søke utdanningsfond.

 

Oppstart :  1. januar, eller etter anna avtale.

 

Særskilte krav

Det er krav om politiattest før tiltreding.

 

Prøvetid

Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader.

 

Søkarliste

Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden.

Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jf. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

 

Søknad

Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Søk på stilling"

 

Søknadsfrist:

30.10.2024

 

Kontaktpersonar

Barnebo barnehage kontakt Sissel Oliv Garseth, tlf. 90604459, sissel.garseth@aukra.kommune.no

Bergetippen barnehage kontakt Synnøve Karin Rishaug, styrar, tlf. 90571168, synnove.rishaug@aukra.kommune.no

 

  • Company
    Aukra kommune
  • Application deadline
    30.10.2024
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5916966
  • Look here for other jobs from Aukra kommune
  • Updated 11.10.2024