• Bedrift
    Hå kommune
  • Søknadsfrist
    30.03.2023
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    4360, VARHAUG

    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5075298
  • Se her for andre jobber fra Hå kommune
  • Oppdatert 17.03.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Hå kommune

Pedagogisk psykologisk rådgjevar/logoped

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

PPT har følgjande ledige stillingar ved pedagogisk-psykologisk-teneste i Hå:

1. 100 % fast stilling som logoped eller PP-rådgjevar med mastergrad frå 1.5.2023.

2. 100 % vikariat som PP-rådgjevar med mastergrad frå 1.5.2023 til 28.2.2024. Med mulighet for forlenging.

3. 60 % vikariat som logoped / PP-rådgjevar frå 1.8.2023 til 31.12.2023. Med mulighet for forlenging.

PPT driv aktivt utadretta arbeid i barnehagar og skular. Fagmiljøet ved PPT er godt og vi har 14,7 stillingar som er fordelt på 16 personar. Vi held til i naturskjønne omgjevnadar i gode lokaler på Vigre.

Vi søkjer ein person som:
◦ Kan arbeida med logopediske oppgåver hos barn og vaksne som t.d ulike former for kommunikasjonsvanskar, stemmevanskar, språk og taleflytvanskar og svelgvanskar.
◦ Kan arbeida individretta og systemretta innan det psykososiale og det pedagogiske området.
◦ Har mastergrad i spesialpedagogikk, logopedi eller i psykologi.
◦ Er samarbeidsorientert og som kan vera ein bidragsytar i kompetanseheving og organisasjonsutvikling.
◦ Har god formidlingsevne på norsk, både munnleg og skriftleg.
◦ Erfaring frå skule, barnehage eller PPT er ein fordel.
◦ Søkjarar må disponera eigen bil. Køyregodtgjersle etter offentleg regulativ.

Personlege eigenskaper vil verta vektlagde. Dersom du har anna relevant utdanning og kan tenke deg eit vikariat, oppmodast du til å søkje.

Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må være NOKUT-godkjende og utenlandske attestar må vera oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.

Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.

 

  • Bedrift
    Hå kommune
  • Søknadsfrist
    30.03.2023
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    4360, VARHAUG

    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5075298
  • Se her for andre jobber fra Hå kommune
  • Oppdatert 17.03.2023