Ledig stilling

Stavanger Kommune

Pedagogisk medarbeidar i skule og SFO

 
Frå 01.08.2024 er det ledig vikariat som pedagogisk medarbeidar i skulen og SFO på Sjernarøy oppvekstsenter.    
Sjernarøy består av sju øyar som ligg i Ryfylke i Stavanger kommune og du må reise hit med hurtigbåt eller ferje. Rutetilbodet er bra og ligg godt til rette for å kunne pendle frå byen eller frå Judaberg. Oppvekstsenteret ligg sentralt på øya med landlege omgjevnadar som ligg godt til rette aktivitetar og læring ute.
Vi søker etter ein kollega som er varm og tydeleg, liker å jobbe med barn og som gjerne har erfaring frå opplæringa i 1.-4.klasse. Du trivest med å samarbeide i team. 
Oppvekstsenteret gir skuletilbod til elevar i 1.-7. klasse. Vi har eige SFO-tilbod, samt barnehagetilbod til barn frå 1-5 år. Til hausten har vi 29 elevar i skulen. Opplæringstilbodet til elevane er organisert i fådelte klassar, noko som betyr at vi gir opplæring til elevar frå fleire trinn i same klasse. Vi bruker nynorsk som hovudmål. D


Er du ein engasjert person som brenn for elevane si læring? Då er kanskje du akkurat den vi leitar etter!

Ta gjerne kontakt om du ønsker meir informasjon om stillinga.

Kvalifikasjoner:

Det er ynskjeleg med erfaring frå arbeid i skule og at du har fagbrev i barne- og ungdomsarbeid. Gode norskkunnskaper (munnleg og skriftleg). 

Personlige egenskaper:

Du er positiv, løysningsorientert og fleksibel. Du er ein autoritativ vaksen som er tilstedeværende og varm. Du tek barn på alvor, tar deres perspektiv og deltar i barns leik. Du er engasjert og er mottakelig for rettleiing og vidare kompetanseheving. 

Vi tilbyr:

Vi har eit godt arbeidsmiljø og tilsette som liker å vere i aktivitet og leik saman med barna både ute og inne. 
Oppvekstsenteret ligg tett på naturen og vi har god plass.
Du gis høve til rettleiing og fagleg utvikling.