Bedrift
Sula kommuneSøknadsfrist
08.06.2025Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6037, EIDSNES
SULA
Antall stillinger
1karriere-kode
6224507Se her for andre jobber fra Sula kommune
Sula kommune
Pedagogisk leiar - vikariat
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sunde barnehage har ledig 100% vikariat som pedagogisk leiar frå 1.8.2025 – 23.12.2025 på småbarnsavdeling. (Det kan bli moglegheit på forlenging eller fast på ein av dei kommunale barnehagene i 2026.)
Sunde er ein kommunal barnehage med to avdelingar; 0-3 år og 3-6 år. Barnehagen har ein friluftsprofil, og bruker det unike nærområdet vårt til turar i fjøra, i skogen, på fjellet og til Sundsmyra mykje.Visjonen vår er: Med omsorg for framtida.
Verdigrunnlaget vårt er: Alle i Sunde Barnehage skal kvar dag ha kjensle av å vere viktige og å bli sett. Vi bygger gode relasjonar og møter barnehagedagen med omsorg, refleksjon og faglegheit.
Du kan også lese meir om Sunde barnehage på Sula Kommune si heimeside, under oppvekst og utdanning
Kvalifikasjoner:
Godkjent førskule/barnehagelærarutdanning eller anna 3-åring relevant høgskuleutdanning.God norskkunnskap, munnleg og skriftleg.
Kunne bruke og vise interesse for digitale verktøy i arbeidet.
Politiattest av nyare dato må framleigast ved tilsetting.
Attestar og vitnemål skal leverast først ved eit eventuelt intervju.
Personlige egenskaper:
Du er fleksibel og løysingsorientert.
Du tek medansvar for eigen og andre sin trivsel, og likar å arbeide i team.
Du liker å vere mykje ute og er glad i friluftsaktivitetar
Du er ein aktiv deltakar i leik og læring saman med barn og vaksne.
Du er positiv til internasjonalt samarbeid.
Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Du kan arbeide og fungere både ved småbarns- og/eller storbarnsavdeling, alt etter barnehagen sine behov.
Vi tilbyr:
Kompetent personal med fokus på kvalitet, endring og utvikling.Spennande samarbeid i Sula Kommune med mellom anna fokus på læringsreisa til barna og utviklingsarbeid som omhandla språk.
Godt og inkluderande arbeidsmiljø med høg trivsel.
Løn etter gjeldande tariff.
God offentleg tenestepensjon i KLP. Frå løna vert det trekt 2% innskot til pensjonsordning.
Gode forsikringsvilkår.
Bedrift
Sula kommuneSøknadsfrist
08.06.2025Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6037, EIDSNES
SULA
Antall stillinger
1karriere-kode
6224507Se her for andre jobber fra Sula kommune