• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    12.12.2022
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4897331
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 07.12.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Pedagogisk leiar - Fast 100 % stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Haugen barnehage har ledig eit stilling som Pedagogisk leiar i 100% stilling. Stillinga er ledig frå 01. februar  2023.

Om arbeidsstaden
Haugen barnehage ligg sentralt i Knarvik, nær Skysstasjonen og Knarvik senter. Uteområdet til barnehagen er stort og luftig med moglegheit for all slags leik til alle årstider. Vi brukar området rundt barnehagen til turar, mellom anna området rundt Kvassnestemma (også kalla Andedammen). Stadar som «Brekkeløypa» og natur rundt der blir også nytta.

Arbeidsoppgåver / Ansvar

  • fagleg ansvar for avdelinga
  • skape eit godt barnehagemiljø for alle barn
  • planlegging og gjennomføring av pedagogiske oppgåver med eit berekraftig fokus
  • vere ein del av leiarteamet i barnehagen og bidra i ledelse og veiledning av medarbeidarar i avdelinga.
  • bidra til faglig kompetansehevin
  • bidra til godt samarbeid og kommunikasjon med barn, personale, foreldre og andre samarbeidspartnere 

Kompetanse

Pedagogisk leiar og barnehagelærar må ha utdanning som barnehagelærar/førskolelærar eller anna treårig pedagogisk høgskuleutdanning med tilleggsutdanning innan barnehagepedagogikk.

Eigenskaper

Vi ønskjer at du er systematisk, har god munnleg og skriftleg framstillingsevne . Nyttig m.a. ved arbeid med dokumentasjon. Du set barna i fokus og er positiv og løysingsorientert. 

Du har menneskeleg og pedagogisk innsikt og er kreativ og i stand til å tenkje sjølvstendig .Det er viktig å ha evne til å sjå enkeltbarn, samtidig som du har oversikt over barnegruppa i omsorgs- og læringsmiljøet.

Lønsvilkår

Løna i stillingskode 7637 pedagoisk  barnehagelærar. Vilkår for arbeidstid følgjer vanlege kommunale vilkår med arbeidstidsordning som barnehagelærarar.  

Årsløn i heil stilling kr 479 100 ,- aukande til 557 900,- etter 16 årsansiennitet. Dette inkluderer tillegg som pedagogisk leiar på kr 20 000,-. For særskild kvalifiserte søkarar kan anna lønsplassering vurderast.

Politiattest

Til stillinga er det krav om tilfredstillande politiattest heimla i forskfirt til barnehagelova. Den må visast fram ved tiltrede og vert makulert av oss etter framvisning.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt HR-avdelinga.

Bli kjent med Alver kommune

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    12.12.2022
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4897331
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 07.12.2022