Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
25.01.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6497179Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
Fjaler kommune
Pedagogisk leiar eller barnehagelærar til Våge barnehage
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Våge barnehage søkjer etter barnehagelærar til ei 100 % fast stilling. Våge barnehage ligg ytst i Fjaler kommune, vi har ein ny fin barnehage med ca. 20 barn.
Vi søkjer fortrinnsvis etter pedagogisk leiar, men barnehagelærar kan òg vere aktuell for stillinga. For rett kandidat vil stillinga bli tilpassa kompetanse og erfaring.
Som pedagogisk leiar vil du ha eit overordna ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av det pedagogiske arbeidet på avdelinga, i tillegg til fagleg rettleiing av personalet. Du har eit særleg ansvar for å sikre at barnehagelova og rammeplanen vert følgde.
Som barnehagelærar vil du arbeide aktivt i det pedagogiske arbeidet saman med resten av personalgruppa, bidra til planlegging og gjennomføring av pedagogiske aktivitetar, og støtte opp under det faglege arbeidet på avdelinga i samarbeid med pedagogisk leiar.
Felles for begge stillingane er at du nyttar di faglege, pedagogiske og etiske kompetanse til å skape ei trygg og inkluderande ramme der barna kjenner seg som ein del av eit fellesskap, får utvikle seg og opplever meistring.
Hos oss får du ein variert og kjekk kvardag saman med barna og eit godt arbeidsmiljø med ei fin aldersblanding i kollegiet. Vi har introduksjonsprogram for nytilsette, løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ og svært gode pensjons- og forsikringsordningar.
Kvalifikasjonar- Utdanning som barnehagelærar
- Annan treårig godkjendt pedagogisk høgskuleutdanning er velkomen til å søkje
- Gode norskkunnskapar - både skrifteleg og munnleg
- Den som vert tilsett må legge fram godkjend politiattest
- Har godt samspel med barn og vaksne
- Du er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen, med god relasjonskompetanse
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Evner å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha eit godt humør
Vi vektlegg at du er personleg eigna til stillinga.
Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga. Vi håper du søkjer og blir vår nye kollega.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
25.01.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6497179Se her for andre jobber fra Fjaler kommune