Bedrift
Rauma kommuneSøknadsfrist
24.04.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6300, ÅNDALSNES
RAUMA
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5075361Se her for andre jobber fra Rauma kommune
Rauma kommune
Pedagogisk leiar - bli med på laget
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Ønskjer du å vakna opp til det beste av norsk natur og reisa til ein jobb der du blir omgitt av hyggelege kollegaer og der du utgjer ein forskjell?
Me ønskjer den beste kollegaen i verda til den viktigaste jobben i verda.
Stillingstype
Vi ser etter ein pedagogisk leiar med erfaring som har evne til å inspirere og motivere sine medarbeidarar og kan være pådrivar i utviklingsarbeid.
- 100 % st.vikariat som pedagogisk leiar i Måndalen barnehage frå 01.08.23 til 31.07.24
- 20 % st. fast som pedagogisk leiar i Måndalen barnehage frå 01.08.2023
Kandidatar til stillinga blir fortløpande kontakta og vurdert fram til søknadsfristen går ut.
Arbeidsplassen
Våre kommunale barnehager består av Åfarnes barnehage, Eidsbygda barnehage, Leiktun barnehage i Isfjorden, Myra barnehage på Åndalsnes samt Måndalen barnehage.
Måndalen barnehage er ein kommunal heildagsbarnehage med 4 avdelingar for barn i alderen 1 til 6 år (fordelt på heiltids- og deltidsplassar). Hausten 2023 er det 42 barn i barnehagen. Barnehagen har flott nytt bygg - opna 01.12.21. Det er kort veg til idrettsplass, fotballbane, løpebane, hall og et allsidig og rik tilgang pånatur- og turområde. Måndalen barnehagen har vore i drift sidan 1989.
Arbeidsoppgåver
- Pedagogisk leiar er ein del av ledergruppa i barnehagen - leie og organisere arbeidet på avdeling, sjøvstendig og/eller i samarbeid med dei andre pedagogene.
- Bidra i dagleg drift, fagleg ansvar og utvikling av barnehagen som ein profesjonell organisasjon med eit systematisk og målretta arbeid for eit trygt og godt barnehagemiljø for leik, læring, humor og glede.
- Utfordre og støtte medarbeidarane til det beste for barnas utvikling og læring
- Ansvar for samarbeid med foresatte og eksterne
Andre oppgåver kan vere aktuelle.
Kvalifikasjonar
- Krav om godkjent barnehagelærarutdanning
- Krav om gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
- God digital kompetanse
Personlege eigenskapar
- Strukturert og fleksibel
- Tenker heilheitleg
- Motiverande og inspirerande
- Gode samarbeidsevne
- Opptatt av relasjoner og tillit
- Innovativ og kreativ
- Bidra med humor og glede i kvardagen
Vi tilbyr
- Oversiktleg nærmiljøbarnehage med god fagleg kompetanse
- Stabilt personale og godt arbeidsmiljø
- Deltagelse i Regional kompetansearbeid
- Offentleg tenestepensjonsordning
- IA-bedrift
Menn blir oppmoda til å søkja for kjønnsbalanse.
Tilsetting
Tilsetting skjer i høve til gjeldande lovar, reglement og avtaleverk, òg når det gjeld medlemskap i pensjonsordning. Avlønning etter Hovedtariffavtalen.
Politiattest
Den tilsette må leggje fram gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, før tilsettjing. Jf. mf. Barnehageloven § 30, jf. politiregisterloven § 39 første ledd.
Søknad
Rauma kommune tek kun imot elektroniske søknadar. Søkjerettleiing: https://www.rauma.kommune.no/om-kommunen/ledige-stillinger/sokerveiledning/ eller personal@rauma.kommune.no.
Det er viktig at du tek deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller, og registrerer/oppdaterer CV`en med utdanning og kompetanse i søknadsskjemaet. Last opp aktuelle attestar og vitnemål i PDF format.
Merk at opplysningar kan gjerast offentlege sjølv om du har bede om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste. Du vil då bli varsla, om ønsket om reservasjon ikkje vert teke til følgje.
Bedrift
Rauma kommuneSøknadsfrist
24.04.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6300, ÅNDALSNES
RAUMA
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5075361Se her for andre jobber fra Rauma kommune
-
Pedagiskisk leiar 50% vikariat
Rauma kommune
ÅNDALSNES -
Spesialpedagog 100% stilling
Rauma kommune
ÅNDALSNES -
Ferievikariat sommeren 2023 på Rauma helsehus
Rauma kommune
ÅNDALSNES -
Driftstekniker 100% fast stilling
Rauma kommune
ÅNDALSNES -
Tilkallingsvikar Bo- og Habiliteringstjenesten
Rauma kommune
ÅNDALSNES