Bedrift
Gulen kommuneSøknadsfrist
04.06.2021Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5966, EIVINDVIK
GULEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3780194Se her for andre jobber fra Gulen kommune
- Oppdatert 31.05.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Gulen kommune
Pedagogisk leiar/barnehagelærar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
2.g.utl.
Byrknes barnehage og skule består av 1-10-skule og barnehageavdeling. På grunn av aukande barnetal i denne skulekrinsen, utvidar kommunen barnetalet i denne barnehagen, og vi treng derfor fleire tilsette. Eininga har av same grunn fått eit heilt nybygd, flott barnehagebygg, som vart teken i bruk vinteren 2020/21 Sjå www.byrknes.skule.no for meir informasjon, bilete, årsplanar osv.
Vi har ledig inntil 200% fast stilling som pedagogisk leiar/barnehagelærar Gulen kommune, for tida ved Byrknes barnehage og skule frå 13.08.2021. Kommunen tilbyr løn over tariff, samt bonus på 40 000,- utbetalt gjennom dei to første åra til deg som vert tilsett med barnehagelærarutdanning.
Barnehagane i Gulen har:
- Fokus på fagleg utvikling i barnehagane, der idear og innspel frå både nyutdanna og erfarne medarbeidarar vert sett på som viktige ressursar.
- Relativt små barnehagar - ein ideell arbeidsstad for nyutdanna pedagogar
- Godt arbeidsmiljø
- Tilbod om rettleiing
- Godt nettverksamarbeid mellom pedagogane i dei ulike barnehagane i kommunen
Arbeidsoppgåver:
- Planlegge, setje i verk, dokumentere og evaluere det pedagogiske arbeidet i tråd med rammeplanar, lovverk og kommunen sine strategiplanar og fokusområde.
- Leie, planlegge og involvere resten av personalet i den daglege drfita av avdelinga, i tillegg til samarbeid med føresette og andre samarbeidspartnarar
- Bidra til rettleiing og opplæring på avdelinga
- Delta i den daglege drifta
Kvalifikasjonar:
- Utdanning som barnehagelærar. Søkjarar utan godkjent utdanning kan verte vurdert for mellombels stilling dersom vi ikkje får kvalifiserte søkjarar
- Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar:
- Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar.
- Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både born og vaksne
- Er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna:
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Vi tilbyr:
- Løn over tariff, samt bonus på 40 000,- ved binding i to år. Ta kontakt med løn og personalavdelinga, 57782000, for å høyre meir om ordninga, utbetaling osv.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Hjelp med å skaffe bustad
Bedrift
Gulen kommuneSøknadsfrist
04.06.2021Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5966, EIVINDVIK
GULEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3780194Se her for andre jobber fra Gulen kommune
- Oppdatert 31.05.2021