• Bedrift
    Hå kommune
  • Søknadsfrist
    01.05.2023
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    4360, VARHAUG

    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5088853
  • Se her for andre jobber fra Hå kommune
  • Oppdatert 18.04.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Hå kommune

Pedagogisk leiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Desse stillingane er ledige hjå oss nå:
• To faste 100 % stillingar som pedagogisk leiar frå 1.8.2023. (Det er og mogleg å starta tidlegare).
• Eit 100 % vikariat som pedagogisk leiar 1.8.2023 - 31.12.2023. (Med moglegheit for forlenging).

Kven er du?
Du er den som ser det beste i kvart enkelt barn, og som brenn for å gi barna ein kvardag fylt av magi og eventyr. Du har eit stort hjarte for menneske, og har rom for alle. Du er trygg, ansvarsfull og god på leik og samspel. Du veit at leiken er barna sin viktigaste læringsarena og du varierer mellom fri leik og aktivitetar som du legg til rette for med glede og engasjement. Du skapar gode relasjonar og inkluderer alle med varme og respekt.

Du vil bli ein del av ei triveleg personalgruppe med folk i alle aldrar. Me arbeider for at det skal vera godt å gå på jobb og å sjå den enkelte sine behov både sosialt og fagleg. Me støttar kvarandre, lærer av kvarandre og har det gildt saman. Å jobba i barnehage er verdas viktigaste og beste jobb, men det er og ein utfordrande jobb. Derfor treng me deg som er god til å samarbeida med både foreldre og medarbeidarar, og som vågar å ta tak i vanskelege samtaler og konfliktar.

Om barnehagen og området rundt
Stokkalandsmarka er eit byggefelt i utvikling mellom Vigrestad og Brusand i Hå kommune, på Jæren. Her er det mange spennande leikeplassar og flotte nærturar rett utanfor porten. Barnehagen er ein moderne kommunal barnehage med store og lyse lokale. Her har me alt me treng for å skapa eit godt læringsmiljø for barna: sanserom, gymrom, baderom, formingsrom og arbeidsrom med gode fasilitetar. Det skal og opparbeidast eit heilt nytt uteområde i næraste framtid. Det er plass til 120 barn fordelt på åtte avdelingar i barnehagen. Barnehagen har eigen kjøkkenassistent og vaktmester.

Stokkalandsmarka barnehage er eit viktig knutepunkt i bygda. Med Haugstadskogen som næraste nabo kan me boltra oss i eit lunt og triveleg skogsområde som inviterer til leik og læring året rundt. Her kan me ta med barna på spennande eventyr i naturen eller laga bål i grillhytta vår som har panoramautsikt over det jærske landskapet.

Arbeidsoppgåver
• Omsorg for det enkelte barn og barnegruppa
• Delta aktivt i leik og aktivitetar saman med barna
• Planlegga, gjennomføra, dokumentera, og evaluera pedagogisk arbeid i barnehagen
• Halde deg fagleg oppdatert og dela fagleg kunnskap med kollegaer
• Vera ein god rollemodell og rettleiar
• Bidra til et godt og trygt lærings- og arbeidsmiljø for barn og tilsette
• Legga til rette for eit godt foreldresamarbeid

Kvalifikasjonar
• Utdanning som barnehagelærar
• Studentar som er under utdanning som barnehagelærar kan og vera aktuelle
• Anna pedagogisk utdanning vil og bli vurdert
• Norskkunnskapar tilsvarande nivå A2 skriftleg og B1 munnleg (ref. Barnehagelova)
• Personlege eigenskapar blir vektlagt

Me tilbyr
• Dyktige og engasjerte medarbeidarar som speler kvarandre gode
• Fagleg miljø som støttar og utfordrar
• Fagleg oppfølging frå Hå kommune i form av lærande nettverk og rettleiing for nyutdanna
• Tilbod om å vera praksislærar for UIS
• Sjanse til å delta som ressursperson i prosjektarbeidet «Saman om god oppvekst»
• Flotte naturområde
• Gode pensjons- og forsikringsordningar med ulukkesforsikring på fritida
• Løn etter Hå kommune sine løns- og stillingsregulativ

Dersom du kjenner at dette høyres ut som noko for deg, så ikkje nøl med å søka! Me gler oss til å høyra frå deg!

Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må være NOKUT-godkjende og utenlandske attestar må vera oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.

Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.

 

  • Bedrift
    Hå kommune
  • Søknadsfrist
    01.05.2023
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    4360, VARHAUG

    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5088853
  • Se her for andre jobber fra Hå kommune
  • Oppdatert 18.04.2023