• Bedrift
    Rauma kommune
  • Søknadsfrist
    22.04.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6300, ÅNDALSNES
    RAUMA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5641915
  • Se her for andre jobber fra Rauma kommune
  • Oppdatert 16.03.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Rauma kommune

Pedagogisk leiar 50 % fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi ønskjer den beste kollegaen i verda til den viktigaste jobben i verda. 

Stillingstype
Vi har ledig fast 50 % st. som pedagogisk leiar i Åfarnes barnehage frå 01.08.24.

Arbeidsplassen
Våre kommunale barnehager består av Åfarnes barnehage, Leiktun barnehage i Isfjorden, Myra barnehage på Åndalsnes samt Måndalen barnehage.

Åfarnes barnehage er ein kommunal heildagsbarnehage, med barn i alderen 1 til 6 år. Barnehagen har 1-2 avdelingar. Det er eit utvida samarbeid mellom avdelingane. Barnehagen ligg tett ved Åfarnes skole, kort veg til fotballbane, løpebane og gapahuk. Uteområdet er variert, med ulike leikeapparat og med naturleg kuppert terreng. Barnehagen har skogen som næraste nabo, og rik tilgang på allsidige turmål både i skog og fjøre. Barnehagen har vore i drift sidan 1992. Våren 2024 er det 24 barn i barnehagen. Barnegruppa er fordelt på heiltids- og deltidsplassar.  

Vårt motto er Vi ønskjer å få fram det beste i oss alle https://historier.rauma.kommune.no/afarnes-barnehage 

Vi ser etter ein pedagogisk leiar  som har evne til å inspirere og motivere sine medarbeidarar og kan være pådrivar i utviklingsarbeid. 

Arbeidsoppgåver

  • Pedagogisk leiar er ein del av ledergruppa i barnehagen - leie og organisere arbeidet på avdeling, sjøvstendig og/eller i samarbeid med dei andre pedagogene
  • Bidra i dagleg drift, fagleg ansvar og utvikling av barnehagen som ein profesjonell organisasjon med eit systematisk og målretta arbeid for eit trygt og godt barnehagemiljø for leik, læring, humor og glede
  • Utfordre og støtte medarbeidarane til det beste for barnas utvikling og læring
  • Ansvar for samarbeid med foresatte og eksterne

Andre oppgåver kan vere aktuelle.

Kvalifikasjonar

  • Krav om godkjent barnehagelærarutdanning
  • Krav om gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
  • God digital kompetanse 

Personlege eigenskapar

  • Strukturert og fleksibel
  • Tenker heilheitleg
  • Motiverande og inspirerande 
  • Gode samarbeidsevne
  • Opptatt av relasjoner og tillit
  • Innovativ og kreativ
  • Bidra med humor og glede i kvardagen

Vi tilbyr

  • Oversiktleg nærmiljøbarnehage med god fagleg kompetanse
  • Stabilt personale og godt arbeidsmiljø
  • Deltagelse i Regional kompetansearbeid
  • Offentleg tenestepensjonsordning
  • IA-bedrift

Tilsetting
Tilsetting skjer i høve til gjeldande lovar, reglement og avtaleverk, òg når det gjeld medlemskap i pensjonsordning. Avlønning etter Hovedtariffavtalen. 

Politiattest
Den tilsette må leggje fram gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, før tilsettjing. Jf. mf. Barnehageloven § 30, jf. politiregisterloven § 39 første ledd.

Søknad 
Rauma kommune tek kun imot elektroniske søknadar. Søkjerettleiing: Søkerveiledning - Rauma kommune eller personal@rauma.kommune.no. 
Det er viktig at du tek deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller, og registrerer/oppdaterer CV`en med utdanning og kompetanse i søknadsskjemaet. Last opp aktuelle attestar og vitnemål i PDF format.

Merk at opplysningar kan gjerast offentlege sjølv om du har bede om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste. Du vil då bli varsla, om ønsket om reservasjon ikkje vert teke til følgje.

 

  • Bedrift
    Rauma kommune
  • Søknadsfrist
    22.04.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6300, ÅNDALSNES
    RAUMA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5641915
  • Se her for andre jobber fra Rauma kommune
  • Oppdatert 16.03.2024