Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Pedagogisk leiar, 2*100% fast til Bjorøy barnehage

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi har no ledig:

2*100% fast stilling som pedagogisk leiar ved Bjorøy barnehage

 

 

Om barnehagen:

På ei lita øy, eit steinkast frå Bergen/Loddefjord ligg det ein 5-avdelingsbarnehage. Vi har gode turmoglegheiter rett utanfor porten, og vi er i nærleiken av sjøen, så det er ei viss fare for at ein kan møta på ein sjørøvar eller to! Bjorøy barnehage er ein barnehage som jobbar systematisk med Dinoskulen, og vi har god kompetanse innan DUÅ og har fokus på sosialkompetanse. Vi er ein barnehage der barna elskar å hoppa i vasspyttar, der mangfald og inkludering er i fokus, og leiken vert dyrka kvar dag. Er du ein pedagogisk leiar som kunne tenkja deg å prøva ut vasspyttane på Bjorøy? Leia avdelinga ut på nye eventyr? Då er det berre å søkja hos oss. Og viss du ønskjer å veta meir om oss, er det berre å ta kontakt med styrar.

 

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for å leie barnegruppe og samarbeide tett med foreldre
  • Ansvar for planlegging, gjennomføring og dokumentasjon av det pedagogiske arbeidet, i tett samarbeid med det øvrige personalet
  • Bidra til å utvikla Bjorøy barnehage for framtida

 

Kvalifikasjoner: 

Må ha:

  • Godkjent barnehagelærerutdanning, helst med erfaring frå barnehage
  • Gode norsk kunnskaper munnleg og skriftleg

Ønskjeleg med:

  • Kjennskap til Dei utrolige årene og barnesamtalar
  • Kjennskap til tilknytningsteori og Circle of security

 

Personlige eigenskaper:

  • Vi søkjer ein person som er tydeleg, raus og inkluderande
  • Du må lika utfordringar og være endringsvillig
  • Vi treng ein person med godt humør, og som har evne til å inspirere og motivere
  • Du set barnet sitt beste i fokus og er god til å samarbeide med andre
  • Du er ansvarsbevisst, sjølvstendig og løysningsorientert
  • Du har ei fagleg kompetanse som du omset i praksis
  • Du har ein driv og evne til å jobbe godt under press

 

Vi tilbyr:

  • Ei spanande jobb i eit engasjert team
  • Gode moglegheiter til fagleg utvikling
  • Godt arbeidsmiljø
  • Eit godt fagleg miljø
  • Motiverte og kreative medarbeidere
  • Gode pensjons- og forsikringsordninger
  • IA virksomhet

 

Anna:

  • Godkjent politiattest må visast fram før tilsetjing
  • Ønskje om rask tiltredelse

 

Kontakt: 

Styrer:  Katrine Torkelsen , TLF: 90 83 52 96

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.