• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    16.02.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5535655
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 06.02.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Pedagogisk leiar, 100% vikariat

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 38 500 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Om avdelinga:

Liljevatnet barnehage er ein barnehage med 6 avdelingar, lokalisert på Knarrevik på tidlegare Liljevatnet skule. Vikariatet er på ei avdeling med barn i 2-3 års alderen. Liljevatnet barnehage er ei barnehage med store, lyse lokalar tilpassa moderne barnehagedrift. Den har også gode og varierte uteområde. Ute finn du blant anna både tilrettelagte leikeareal, eit skjerma området for dei minste og spanande naturområde. Barnehagen har eigen gymsal/scene og gode personalrom/arbeidsrom for dei tilsette.

Satsingsområda til barnehagen er fokus på språk, sosial kompetanse og relasjonsbygging gjennom mellom anna De utrolege årene og Dinosaur -skule.

Vi har forventingar til eit personale som er i stadig utvikling, både fagleg og personleg. Eit personale som bidrar til å gje positivt innhald til vår visjon: Vi set varige spor.

Vi samarbeider godt med kulturskulen som er lokalisert i 2.høgda i same bygg. Her deltar 4-åringane på musikksamling ein gong i veka. Ved spesielle anledningar som sommaravslutning med føresette, bidrar kulturskulen med sin ekspertise, til stor glede både for store og små. Andre delar av bygget vil halde fram med å ha funksjon som nærmiljøanlegg med aktivitetar på kveldstid.

Arbeidsoppgåver

Pedagogisk leiar har ei sentral rolle i å utvikle barnehagen for framtidas oppgåver og vil høyre til leiarteamet:

  • Ansvar for å leie barnegruppa og samarbeide tett med føresette.
  • Vera ein motiverande teamleiar og rettleiar for personalet på eigen avdeling.
  • Ansvar for det pedagogiske arbeidet frå planlegging til dokumentasjon, i tett samarbeid med resten av personalet.
  • Delegere oppgåver på avdelinga.
  • Sjå kvart barn, gje omsorg og ta initiativ til leik og aktivitetar som skapar samhandling, relasjonar og vennskap barna i mellom.
  • Bidra til høg delingskultur slik at barnehagen vert ein lærande organisasjon som gjer kvarandre god.
Kvalifikasjonar:  Må ha: Barnehagelærarutdanning

Ønskjeleg med:

Erfaring frå arbeid i barnehage som pedagogisk leiar

Personlege eigenskapar:
  • Vi søkjer ein person som er positiv, raus, inkluderande og inspirerande vaksen og kollega.
  • Du har gode evne til kommunikasjon, samhandling og relasjonsbygging.
  • Du må like utfordringar
  • Du bidrar til ein tilbakemeldingskultur som skapar motivasjon, vekst og trivsel.
  • Du kan arbeide sjølvstendig og er løysingsorientert i ein hektisk kvardag.
  • Du set barnet sitt beste i fokus og er ei god medspelar for føresette om å gje barna ei god oppvekst – og slik set du varige spor.
Anna:
  • Dette er et vikariat fom 01.03.24 – 27.06.25
  • Vi har eit vaktsystem der vi rullerer om tidleg-, mellom- og seinvaktar. 
Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:

Einingsleiar: Monica Beathe Vindenes, monica.vindenes@oygarden.kommune.no

                       Mob. 91380598

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    16.02.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5535655
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 06.02.2024