• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    16.02.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Ågotnes
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5563085
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 03.02.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Pedagogisk leiar 100% fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

 

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 400 innbyggjarar og 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

 

Om avdelinga:

Hamramyra er ei barnehage med 6 avdelingar som ligg på Ågotnes med flotte fasilitetar. Barnehagen vart bygd i 2017 og grensar til eit spanande friområde med flott skogsterreng, vatn, sjø, idrettsanlegg, Ågotnes barnehage og Ågotnes skule som næraste nabo.

Satsingsområdet til barnehagen er språk, leik og sosial kompetanse. Vi driv DUÅ og DINO-skule.

Arbeidsoppgåver:
  • Ansvar for å leie barnegruppe og samarbeide tett med foreldre.
  • Ansvar for å leie personalet på avdeling.
  • Ansvar for planlegging, gjennomføring og dokumentasjon av det pedagogiske arbeidet, i tett samarbeid med dei andre i personalet.
  • Bidra til å utvikle Hamramyra barnehage for framtida og vere ein del av barnehagen sitt leiarteam
Kvalifikasjonar:  Må ha:
  • barnehagelærarutdanning
Ønskjeleg med:
  • Erfaring frå arbeid i barnehage. Helst som pedagogisk leiar.
Personlege eigenskapar:
  • Vi søkjer ein person som er tydeleg, raus og inkluderande.
  • Du må like utfordringar og vera endringsvillig.
  • Vi treng ein person med godt humør, og som har evne til å inspirere og motivere. Du er positiv og ser verdien av humor på jobb. 
  • Du set barnet sitt beste i fokus og meistrar både å jobbe sjølvstendig og å samarbeide med andre.
  • Du er ansvarsbevisst, strukturert og løysingsorientert
  • Du har ein fagleg kompetanse som du omset i praksis. Faglege ambisjonar og hjarte for det du driver med.
  • Personlege eigenskapar vert vurdert.
Anna:
  • fast stilling frå 11.03.2024
Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:

For nærare opplysningar om stillinga, ta kontakt med:

Styrar,  Vivian Ones Ekerhovd

Telefon: 93039659

Adresse: Hamramyra 6, 5363 Ågotnes

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    16.02.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Ågotnes
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5563085
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 03.02.2024