• Bedrift
    Samnanger kommune
  • Søknadsfrist
    21.06.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5650, TYSSE
    SAMNANGER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5193562
  • Se her for andre jobber fra Samnanger kommune
  • Oppdatert 07.06.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Samnanger kommune

Ped.leiar/barnehagelærar - 2. gongs utlysing

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Me søkjer engasjerte og motiverte pedagogisk leiarar/barnehagelærarar til fast stilling og årsvikariat med mogelegheit for fast stilling frå 7. august 2023  i Dråpeslottet barnehage og Vassloppa barnehage.  Dette er to kommunale barnehagar med fire og tre avdelingar med ca. 80 barn. 

1 fast stilling - 100 %
1 vikariat - 100 %
2 vikariat med moglegheit for fast - 100 %

Visjon – ein god stad å vera, ein god stad å leika og læra. 

Dette er visjon for Samnanger kommune sine barnehagar og gjennom fokus på rammeplan og melding St. 6 - Tett på gjennom tidleg innsats og inkluderande fellesskap ynskjer ein å skapa trygge og gode arenaer i oppvekstmiljøet til det einskilde barnet. 

Samnanger kommune med om lag 2 500 innbyggjarar ligg sentralt og vakkert til ved Samnangerfjorden med ein nydeleg fjellheim kring seg, samstundes som det berre er 40 min frå Bergen sentrum. 

Kommunen har to kommunale barnehagar med plass til over 100 barn som også ligg nært til flott turterreng. Barnehagane er ein del av det tverrfaglege samarbeidet i laget rundt barnet som kommunen legg til rette for. Oppvekstsektoren er også ein del av tverrfagleg samarbeid i Midthordland kompetanseregion. 

 

Arbeidsoppgåver

  • Pedagogisk og fagleg leiing av avdelinga/spesialpedagogisk ansvarleg
  • Ansvar for rettleiing og opplæring av medarbeidarar på avdelinga
  • Medansvar for felles faglege mål på overordna plan
  • Medansvar for utvikling av barnehagen som pedagogisk verksemd
  • Medansvar for dagleg organisering av heile barnehagen
  • Medansvar for å ivareta foreldresamarbeidet
  • Ansvar for oppfølging av ulike rutinar og praktisk arbeid


Kvalifikasjonar

Krav:

 

  • Godkjent utdanning som barnehagelærar
  • Du må vera ein vaksen som ser kvart einskild barn, er lyttande og tilstades
  • Du må ha god helse slik at du kan vera aktiv saman med barna
  • Gode norskkunnskapar. For søkjar utanfor Skandinavia må ein ha bestått norskprøve B2 skriftleg og munnleg
  • Gode datakunnskapar
  • Annan 3-årig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i pedagogikk

 

Ønskjer:

  • Sterkt ønskjeleg med spesialpedagogisk kompetanse
  • Det er ønskjeleg med kjennskap til Ask (alternativ supplerande kommunikasjon)


Personlege eigenskapar

  • Evne og lyst til å motivere og inspirere
  • Fleksibel, kreativ og ha evne til refleksjon
  • Evne og lyst til å gjere kvarandre gode
  • Idear til utvikling og prosjekt
  • Er engasjert og aktiv med barna
  • Har gode omsorgsevner
  • Er god rollemodell for små og store
  • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

 

Me tilbyr

  • Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
  • Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, og god samarbeidsånd
  • Fleksible arbeidstidsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Ein spanande og utviklande barnehagekvardag
  • Nærleik til skog og sjø med høve til fine naturopplevingar

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera NOKUT godkjent. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden. 

Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 

  • Bedrift
    Samnanger kommune
  • Søknadsfrist
    21.06.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5650, TYSSE
    SAMNANGER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5193562
  • Se her for andre jobber fra Samnanger kommune
  • Oppdatert 07.06.2023