Bedrift
Kvam HeradSøknadsfrist
04.03.2025Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
Ikke påkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
4karriere-kode
6079273Se her for andre jobber fra Kvam Herad
Kvam Herad
Matvertar
Matvertar Øysteseheimen langtidsavdelingOffentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Er du flink med menneske, glad i å laga til og servera mat, då kan du vera ein av dei me ser etter!
- Me søkjer fleire matvertar til Øysteseheimen i ulike stillingsprosentar. Det er behov for matvertar på dagtid i større stillingsprosentar, i tillegg til kortare vakter ettermiddag/kveld og i helg. Matvertane samarbeider med kjøkenansvarleg og pleiepersonell.
- Kanskje er dette noko for deg som er student/elev og ønskjer ei mindre stilling på ettermiddag og helg? Du kan søkja sjølv om du ikkje har fylt 18 år
Matvertprosjektet i pleie og omsorg har vore vellukka og vert vidareført som faste stillingar frå 1.4.25. Matverten sin hovudfunksjon er å sørgja for hyggelege måltid der bebuarane skal få servert smakfull og næringsrik mat som er tilpassa deira individuelle behov og preferansar. Det vil og vera ein del arbeid med å ha oversikt over og etterfylle varer. Matvertane vil få opplæring av klinisk ernæringsfysiolog. Stillingane inkluderer ikkje pleieoppgåver
Arbeidsoppgåver
- Servering av måltider
- Varming av middag
- Tillaging av frukost, lunsj og kveldsmat
- Dekke bord
- Rydding og oppvask etter måltider
- Pynte bord til ulike høgtider
- Bidra med servering og rydding ved arrangementer for bebuarane, til dømes sommarfest og jul
Kvalifikasjonar
- Som matvert må du ha god ordenssans og forståing av hygiene kring tillaging og servering av mat
- Det er ynskjeleg at du har noko kunnskap om tillaging av mat og måltider
- Erfaring frå jobb som matvert eller kjøkken/restaurant er ein fordel
- Evne til å skapa gode måltidsopplevingar
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg (tilsvarande B1)
- Du må vera fylt 16 år og ferdig med ungdomsskulen
Personlege eigenskapar
- Likar og har respekt for eldre
- Blid og omgjengeleg
- Trivast i ei vertskapsrolle
- Sosial og flink med menneske
- Løysingsorientert
- Kan arbeida sjølvstendig, systematisk, ryddig og strukturert
Me tilbyr
- Verdifull arbeidserfaring innan eit nytt konsept i pleie og omsorg
- Meiningsfullt arbeid i eit godt arbeidsmiljø
- Opplæring i samarbeid med ernæringsfysiolog
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn.
Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.
Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette
Bedrift
Kvam HeradSøknadsfrist
04.03.2025Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
Ikke påkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
4karriere-kode
6079273Se her for andre jobber fra Kvam Herad