• Företag
    Kvam Herad
  • Ansökningstiden
    04.03.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Ønskelig
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6079250
  • Se här för andra jobb från Kvam Herad
Ledigt jobb

Kvam Herad

Servicemedarbeidar

Servicemedarbeidar Øysteseheimen langtidsavdeling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Øysteseheimen er i utvikling. Me har i lengre tid jobba med oppgåvedeling. I samband med dette har vi no ledig ei stilling som sevicemedarbeidar. Som sevicemedarbeidar er du ein del av eit fagmiljø, og du jobbar tett på pasientane våre.

Stillinga har i hovudsak vakter på dagtid i vekene, men skal kombinerast med ei helgestilling som matvert.

 

Arbeidsoppgåver

Vask av utstyr på pasientrom

  • Skift av sengetøy
  • Påfyll av utstyr på pasientrom og skyllerom
  • Vask av pasientklede
  • Halda orden på lager og skyllerom

Kvalifikasjonar

  • Helsefagleg bakgrunn er ynskjeleg
  • Erfaring frå serviceoppgåver i institusjon er ein fordel

Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden.

Personlege eigenskapar

  • Evne til å jobba i ein uforutsigbar arbeidsdag
  • Sjølvstendig, du har evne til å planlegga arbeidet ut i frå avdelinga sitt behov
  • Gode samarbeidsevner, du jobbar tett med pleiepersonell
  • Evne til å kommunisera med pasientane 

Vi tilbyr

  • Gode kollegaer i eit godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode pensjons-/og forsikringsordningar

Generell informasjon: 

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. 

Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. 

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette

 

  • Företag
    Kvam Herad
  • Ansökningstiden
    04.03.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Ønskelig
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6079250
  • Se här för andra jobb från Kvam Herad