• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    26.03.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5042607
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 23.03.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Øygarden kommune – fyrtårnet i vest – søkjer kommunalsjef for Oppvekst.

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi kan tilby ei spanande og utfordrande stilling i ein kommune i vekst. Du vil få ansvaret for det største kommunalsjefområdet i Øygarden kommune.

Som kommunalsjef for Oppvekst, vert du ein del av den strategiske leiargruppa til kommunedirektøren saman med fire andre kommunalsjefar. Vi skal vera ei sterk, samla og strategisk leiing for å gje innbyggjarane kvalitet og samanheng i tenestene.

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 300 innbyggjarar og 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet. Administrasjonsspråket i Øygarden kommune er nynorsk.

Våre verdiar:

Stolt - På lag - Modig - Med glød 

 Er du vår nye kommunalsjef for Oppvekst? - YouTube

Oppvekst består av skular, vaksenopplæring, barnehagar, PPT, barnevern og Barn, unge og familietenester (BUFT). Du vil ha eit overordna ansvar for utvikling av tenestene og organisasjonen, og personal-, økonomi- og budsjettansvar for oppvekstområdet.

 Arbeidsoppgåver:

  • Overordna styring og leiing for området
  • Tenesteutvikling innanfor oppvekstområdet i samsvar med langsiktige behov
  • Saksansvarleg  for politiske saker
  • Organisasjonsbygging
  • Samordning og samhandling på tvers i organisasjonen
  • Eksternt samarbeid med private og offentleg aktørar, frivillige lag- og organisasjonar
  • Politiske saker
  • Prosjektleiing, implementering av ny teknologi inkludert digitalisering
  • Sikra arenaer og rutinar for god informasjon og kommunikasjon

 Kvalifikasjonskrav:

  • Formell utdanning på høgskule- eller masternivå
  • Dokumentert erfaring med å utvikla og leia komplekse organisasjonar
  • Erfaring med  strategisk plan- og utviklingsarbeid
  • Erfaring og gode resultat frå personalleiing og budsjettstyring
  • God økonomi- og budsjettforståing
  • Erfaring og gode resultat få  prosjektleiing  og  omstillingsprosessar

Personlege eigenskapar:

  • God relasjonsbyggar
  • Skapa resultat gjennom involvering og medverknad
  • Ha evne til  å skapa tydelege forventningar, gi støtte, utvikla og  inspirera leiarar og medarbeidarar
  • God på å kommunisera både skriftleg og munnleg
  • Du er ein «vegvisar» og eit førebilete når det gjeld haldningar og kulturbygging
  • Du kan samhandla og har god rolleforståing når det gjeld å arbeida i ein  politisk styrt organisasjon eller større konsern
  • Du er ein utviklingsorientert og nysgjerrig person

Kontakt:

Kommunedirektør Johnny Breivik, telefon 404 28 820

Kommunalsjef HR og organisasjon, Anne-Merete Vabø Haugane, telefon 400 85 496

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    26.03.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5042607
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 23.03.2023