• Företag
    Fjord1 ASA
  • Ansökningstiden
    06.04.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Ferger
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6947, LAVIK
    HØYANGER
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6551945
  • Se här för andra jobb från Fjord1 ASA
Ledigt jobb

Fjord1 ASA

Overstyrmann/dekkssjef Lavik-Oppedal

Ferger

Fjord1 skal frå 1.9.26 drifte verdas første autonome ferjesamband; eit verdsleiande prosjekt som kombinerer autonom ferjedrift, grøn innovasjon og banebrytande teknologi.  

Vi er godt igang med prosjektet, der 4 ferjer er under bygging.

Vil du vere med å forme framtida til sjøfarten? Bli vår nye overstyrmann/dekkssjef og ta del i spennande kvardagar på fjorden. Søk no og bli ein del av vårt maritime fellesskap.


Fjord1 har ledige stillingar  som overstyrmann/dekkssjef på ulike skiftordningar;

  • 5 skifts-ordning: vil gå heile døgnet - skiftordning 2 veker på og 3 veker fri. Her tilbyr Fjord1 hybelordning i skiftperiode. 
  • Dagskift 2 veker på og 2 veker fri (ferja vil gå i rute alle dagar). Mannskap bur ombord i skiftperiode. 

Du må skrive i søknaden kva skiftordning som er relevant for deg.

Oppstart:  etter avtale. 

Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande.


Kvalifikasjoner:

  • Kompetansesertifikat D3
  • ROC/GMDSS sertifikat
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring
  • Skandinaviske språkkunnskaper skriftleg og muntleg

Personlige egenskaper:

Vi søker en ansvarlig og faglig sterk overstyrmann som kan bidra til sikker og effektiv drift av fartøyet. Du må være strukturert, ha gode lederegenskaper og et sterkt fokus på sikkerhet og kvalitet. Samarbeidsevner, besluttsomhet og evnen til å håndtere utfordringer er viktige eigenskaper i rollen. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad. 

Vi tilbyr:

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
  • Fast stilling i eit solid og anerkjent selskap
  • Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
  • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leilegheiter og gode rabattordningar
 

  • Företag
    Fjord1 ASA
  • Ansökningstiden
    06.04.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Ferger
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6947, LAVIK
    HØYANGER
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6551945
  • Se här för andra jobb från Fjord1 ASA